Hjem
Click

Utdanning

Laveregradsemne

Organisk syntese og analyse

Undervisningssemester

Haust.Emnet har eit avgrensa tal plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål: Emnet har som mål å gi en innføring og oversikt over grunnleggande metodar og prosedyrar for syntese av organiske sambindingar med bruk av utstyr i mikro- og halvmikroskala. Syntesane skal vise korleis organiske reaksjonar dannar basis for industriell verksemd som til dømes lækjemiddelkjemi, flavour & fragrance og andre organiske finkjemikaliar. Emnet vil gje ei enkel innføring i analytisk organisk kjemi ved bruk av kvalitative analyser og IR-spektroskopi for strukturanalyse (funksjonelle grupper) av organiske sambindingar. Eksperimentelt laboratoriearbeid med moderne syntetiske reaksjonar vil illustrere kva organisk kjemi betyr for samfunnet. Metodar og prinsipp innan grøn kjemi vil bli gjennomgått.

Innhald:

  • Utføre analyse av organisk syntese prosedyrar og utarbeide flytskjema for å identifisere kritiske/ avgjerande punkter i denne
  • Utføre eit utval kjemiske reaksjonar som er nytta i samband med syntese av viktige organiske sambindingar.
  • Skrive reaksjonsskjema og mekanismar for eit utval viktige reaksjonar nytta i organisk syntese.
  • Nytta forskjellige apparat og glasutstyr i organisk syntese laboratorium og kunne nytta desse i grunnleggande eksperimentelt syntetisk arbeid.
  • Skrive syntesetabell, berekne utbytte, identifisere avgrensande reaktant(er)
  • Samanfatte eksperimentelle resultat i laboratorierapport.
  • Arbeid i samsvar med dei grunnleggjande reglane for helse, miljø og sikkerheit (HMS) for organisk kjemilaboratorium

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har grunnleggjande praktisk kunnskapar i å utføre syntese av organiske sambindingar i laboratorie skala
  • har grunnleggjande praktisk kunnskapar i å isolere og reinse syntetiserte organiske sambindingar
  • har grunnleggjande kunnskapar i å karakterisera organiske sambindingar ved hjelp av IR-spektroskopi

Ferdigheiter

Studenten

  • har grunnleggande ferdigheter i utføre syntese av organiske sambindingar i laboratorie skala
  • har grunnleggande ferdigheter i det å isolere og reinse syntetiserte organiske sambindingar frå syntese eksperimenter
  • har grunnleggande ferdigheter i å tolke IR-spektra
  • kan utarbeide flyskjema til bruk i å identifisere kritiske/avgjerande punkter i en organisk syntese prosedyre
  • kan utarbeid reaksjons skjema ved hjelp av molekyl tegneprogram for PC/MAC

Generell kompetanse

Studenten

  • har ferdigheter og kunnskapar om HMS i kjemisk laboratorium
  • kan verifisere teoretisk og eksperimentell kunnskap ved å planlegge og utføre eksperimenter i laboratoriet
  • kan arbeide sjølvstendig og i gruppe med praktisk laboratoriearbeid og dokumentere dei oppnådde resultata gjennom rapportskriving

Krav til forkunnskapar

KJEM100/KJEM110/FARM110

Tilrådde forkunnskapar

KJEM130/FARM130. Kurset KJEM131/FARM131 er basert på at studentane har kunnskapar i organisk kjemi som tilsvarar nivå frå KJEM130/FARM130.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisning blir gitt i form av forelesingar og laboratoriearbeid.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Laboratoriekurs m/journal (del av mappeevalueringa).
Godkjend HMS-kurs. Dersom du ikkje har godkjend HMS-kurs ved Kjemisk institutt, UiB frå tidlegare, må kurset takast same semester i forkant av undervisninga. Meir om HMS-kurset på adresse: http://www.uib.no/kj/utdanning/obligatorisk-hms-kurs

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsform:

  • Skriftleg eksamen (4 timar)

The form of assessment is:

  • Written examination (4 hours)


Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

K103: 5stp, K234: 5stp, K234A: 5stp, FARM131: 10stp

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Forelesar og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev. studiekonsulenten på instituttet.

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Mappeevaluering + skriftleg eksamen

    Dato
    15.12.2017, 14:00
    Varigheit
    3 timer
    Trekkfrist
    01.12.2017