Overflate-og kolloidkjemi
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 10 |
| Undervisningssemester | Haust |
| Fagleg overlapp | K214: 10 stp, K214A: 10 stp |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Norsk
Krav til forkunnskapar
KJEM110, KJEM210, eller tilsvarande.
Læringsutbyte
Etter fullført emne KJEM214 skal studenten kunne:
- definere og forklare overflate- og grenseflatefenomen.
- greia ut om ulike kolloidale system og forklare kolloidal stabilitet.
- greia ut om struktur og eigenskapar hos sjølv-assosierande system.
Kontaktinformasjon
Forelesar og administrativ kontaktperson finn du på Mi side, kontakt ev studiekonsulenten på instituttet.
Undervisningssemester
Haust
Eksamenssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Undervisningsspråk
Norsk
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Mål og innhald
Kurset tar sikte på å gi grunnleggande kunnskap i overflate- og kolloidkjemi utifrå eit fysikalsk-kjemisk perspektiv. Sentrale tema er grenseflatefenomen som overflatespenning, grenseflatespenning, adsorpsjon, kapillaritet, fukt, kontaktvinkel samt elektrostatiske eigenskapar til grenseflater. Kolloidale system, mekanisme for kolloidal stabilitet og vekselverknad mellom kolloidale partiklar blir gjennomgått. Vidare omhandlar kurset struktur og eigenskapar til sjølv-assosierande amfifile molekyler, kalla surfaktantar.
Læringsutbyte/resultat
Etter fullført emne KJEM214 skal studenten kunne:
- definere og forklare overflate- og grenseflatefenomen.
- greia ut om ulike kolloidale system og forklare kolloidal stabilitet.
- greia ut om struktur og eigenskapar hos sjølv-assosierande system.
Krav til forkunnskapar
KJEM110, KJEM210, eller tilsvarande.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Fagleg overlapp
K214: 10 stp, K214A: 10 stp
Obligatoriske arbeidskrav
Ingen
Vurderingsformer
Skriftleg eksamen (4t).
Tillatne hjelpemiddel på avsluttande eksamen: Enkel lommekalkulator i tråd med retningslinjene til fakultetet.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Undervisningssted
Bergen
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
Forelesar og administrativ kontaktperson finn du på Mi side, kontakt ev studiekonsulenten på instituttet.