Eksperimentell organisk syntese

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Gjennom eksperimentelt arbeid vil studenten lære og få trening i essensielle laboratorieteknikkar for organisk syntese laboratorium. Studenten vil lære og arbeide med ein serie med sentrale syntetiske reaksjonar frå klassisk organisk syntese og moderne metallorganisk katalyserte reaksjonar. Studenten skal lære seg å arbeide på ein trygg, sikker og nøyaktig måte i samsvar med god HMS-praksis. Relevante analytiske teknikkar vil bli demonstrert og nytta. Moderne instrumentelle teknikkar vil bli nytta i nokre av eksperimenta.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • kan analysere og utarbeide flytskjema for avanserte fleirtrinns syntesar
  • har kunnskapar om eit utval av viktige kjemiske reaksjonar og fleirtrinn syntesar og prosessar som er nytta i samband med syntese av viktige organiske sambindingar
  • kunne skrive reaksjonsskjema og mekanismar for organisk syntese reaksjonar.
  • kunne utføre eksperimentelt arbeid i organisk syntese laboratorium og kjenne til dei forskjellige apparata og glasutstyr som vert nytta.
  • skrive syntesetabell, berekne utbytte og nokre parameterar for grønkjemi

 

Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjere greie for dei essensielle eksperimentelle metodane som nyttast for framstilling av organiske sambindingar
  • kan arbeide sjølvstendig med praktisk laboratoriearbeid og kan dokumentere eksperimentelle resultat gjennom rapportskriving
  • kan planlegge og utføre fleirstegs organiske syntesar
  • kan bruke relevante teoriar, eksperimentelle metodar og analyseverktøy for identifisering og kvantifisering av organiske sambindingar
  • kan gjennomføre ei avgrensa undersøking av eit kjemisk problem på ein vitskapleg måte og analysere og tolke resultata i lys av relevant teori
  • kan vurdere eigne og andre sine produkt og resultat, mellom anna med omsyn på uvisse og feilkjelder
  • kan vurdere ulike aspekt av helse, miljø og sikkerheit (HMS), kan trygt handtere kjemisk stoff basert på kunnskap om stoffa sine eigenskapar og aktuelle risikofaktorar, og kan vurdere risiko ved bruk av desse sambindingane

 

Generell kompetanse

Studenten

  • føre konsis laboratoriejournal og nytte denne for skriving av laboratorierapport og for å presentere resultata munnleg.
  • kan formulere hypotesar og vurdere dei i lys av eksperimentelle resultat
  • kan konkretisere og verifisere teoretisk kunnskap ved hjelp av eksperiment
  • kan arbeide sjølvstendig og samarbeide med innanfor prosjekter og oppgåver i eksperimentell organisk syntese

 

Undervisningssemester

Haust. Emnet har eit avgrensa tal plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket
Masterstudentar har fyrsteprioritet på emnet.

 

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
KJEM110, KJEM130, KJEM131, eller tilsvarande.
Tilrådde forkunnskapar

KJEM 231 (kan takast parallelt) og KJEM235.

 

.

Studiepoengsreduksjon
K231: 5stp, K242: 5 stp
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Arbeids- og undervisningsformer

Aktivitet/ Tal på timar pr. veke

Aktivitet/ Tal på veker

Laboratoriearbeid, 2 timer i uken i 8 uker.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Laboratoriekurs med laboratoriejournal og rapportar, opplæring i instrumentbruk, munnlege presentasjonar og mindre skriftlege oppgåver.

Obligatorisk oppmøte hver mandag.

Godkjend HMS II-kurs (vidaregåande HMS-kurs). Dersom du ikkje har godkjend HMS II-kurs ved Kjemisk institutt ved UiB frå tidlegare, må kurset takast same semester i forkant av undervisninga. Meir om HMS II-kurset på adresse: www.uib.no/kj/utdanning/obligatorisk-hms-kurs

 

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

 

  • Laboratoriearbeid etter kriterium som er gjevne på førehand utgjer 45% av karaktergrunnlaget
  • Laboratoriejournalar, rapportar, andre skriftlege oppgåver og munnlege presentasjonar utgjer 55% av karaktergrunnlaget

 

 

 

 

Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Oversikt over tidlegare emneevalueringar:
kvalitetsbasen.app.uib.no/?faknr=12&instnr=31