Hjem

Utdanning

Masteremne

Analytisk kjemi

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor/Master

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Vår
Emnet har eit avgrensa tal plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Kurset gjev ei innføring i kvantitativ analyse av uorganiske og organiske sambindingar i dei vanlegaste prøvematriser, som luft, vatn, fast stoff og biologisk materiale. Forskjellige trinn i analysegangen vil bli omhandla, som prøvetaking, prøveopparbeiding, våtkjemisk og instrumentell analyse, kvalitetssikring, og vurdering og rapportering av analyseresultat. I laboratoriekurset skal studentane bestemme konsentrasjonar av analyttar i reelle prøver.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Studenten

  • kan forklare prinsippa bak dei vanlegaste metodane i kvantitativ kjemisk analyse
  • kan peike på bruksområde for dei vanlegaste metodane i kvantitativ kjemisk analyse
  • kan forklare vanlege årsaker til analysefeil og tiltak som kan nyttast for å motverke dei
  • kjenner til vanlege metodar for kvalitetssikring som vert nytta i kvantitativ kjemisk analyse.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan anvende skrivne prosedyrar til å utføre nøyaktige kvantitative bestemmingar på laboratoriet.
  • kan berekne analyseresultat basert på dei mest nytta kvantifiseringsprinsippa
  • kan vurdere kvaliteten av eit analyseresultat

Generell kompetanse

Studenten

  • kan planlegge og utføre nøyaktig arbeid på laboratoriet
  • har kunnskapar om grunnleggjande statistiske metodar

Krav til forkunnskapar

KJEM110, KJEM131, eller tilsvarande

Tilrådde forkunnskapar

KJEM120, KJEM210, MAT101/MAT111, STAT101/STAT110, eller tilsvarende

Studiepoengsreduksjon

K241: 10stp, FARM250: 10stp

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Emnet har eit avgrensa tal plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga gis i form av førelesningar, laboratoriekurs og rekneøvingar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Laboratoriekurs. Karakteren i godkjenning av analyseresultater på lab og føring av labjornaler er gyldig i 6 påfølgande semester.
Godkjend HMS-kurs. Dersom du ikkje har godkjend HMS-kurs ved Kjemisk institutt, UiB frå tidlegare, må kurset takast same semester i forkant av undervisninga. Meir om HMS-kurset på adresse: http://www.uib.no/kj/utdanning/obligatorisk-hms-kurs

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen (4 t).

Obligatoriske innleveringar må leverast innan fastsette fristar og obligatoriske aktivitetar må vere godkjende for å få tilgang til avsluttande eksamen i emnet. 

Hjelpemiddel til eksamen

Enkel kalkulator i samsvar med modell oppført i fakultetetes reglement

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semester utan undervisning er det eksamen tidleg i semesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@kj.uib.no

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet v/ Kjemisk institutt har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her: Studierettleiar@kj.uib.no

Tlf 55 58 34 45

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslettet kan bli endret frem til 14 dager før eksamen. Sted for eksamen vil bli publisert 14 dager før.

  • Vurderingsordning: Skoleeksamen

    Dato
    25.09.2017, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    11.09.2017
    Sted