Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Skulen og lærarrolla i praksis

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Praksisskular og temaseminar på UiB/i skulen. For- og etterarbeid ved UiB.

Mål og innhald

Emnet skal gi erfaring med undervisning sett frå læraren sitt perspektiv med både klasserommet og kollegiet som kontekst. Studentane skal observere undervisning aktivt og følgje ei/n lærar i hennar/hans arbeidskvardag.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

studenten har

  • kunnskap om kva undervisning i skulen inneber
  • har kjennskap til læraren sine ulike roller og ansvarsoppgåver og korleis ulike situasjonar og rammevilkår påverkar utøvinga av lærarrolla

Ferdigheter:

Studenten kan:

  • kan kommunisere med elevar og lærarkollegaer
  • kan reflektere over kompleksiteten i lærarrolla
  • kan bruke observasjon som metode i ulike settingar i skulen
  • kan føre observasjonsnotat og logg til bruk i eige utviklingsarbeid

Generell kompetanse:

Studenten kan:

  • kan møte elevar og framtidige kollegaer med ei open og interessert haldning
  • kan reflektere over utfordringar knytt til undervisning i lys av praktiske døme

Krav til forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Ein må ha studierett på eit av UiB sine lektorutdanningsprogram.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

HF-studentar: 12 dagar - totalt 72 timar

MN-studentar: 7 dagar - totalt 42 timar

Dette inkluderer for- og etterarbeid i PEDA120 ved UiB. For HF-studentane inkluderer det i tillegg to forberedte temaseminar arrangert av praksisfeltet.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • 100 % oppmøte i praksis, inkludert for- og etterarbeid
  • For HF-studentar er det obligatorisk å delta på to førebudde temaseminar.
  • Aktiv deltaking i heile praksisperioden, gjennom direkte kommunikasjon med både elevar og lærer-kollegaer.
  • Utarbeiding av observasjonsskjema. Studentane skal utarbeide ein rapport som byggjer på observasjonane som er gjort i praksis med tilhørande analytiske og metodiske refleksjonar og legge disse frem munnleg for medstudentar i PEDA120. Presentasjonen blir vurdert som godkjent/ikkje godkjent. Loggføring for alle praksisdagar.

Vurderingsformer

Praksis

Vurdering av deltaking i praksis vert gjort av rettleiar i skulen.

Vurdering av studenten sin faglege refleksjon over erfaringar frå praksis vert gjort av pedagogar ved UiB.

Karakteren vert fastsett på grunnlag av ei samla vurdering av punkta over.

Karakterskala

Greidd/ikkje greidd

Vurderingssemester

Haust

Litteraturliste

Oppgåvesett for observasjon vert delt ut på seminar i emnet PEDA120.

Emneevaluering

Emnet blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Har du spørsmål? Kontakt administrasjonen på laerer@uib.no eller på studierettleiar.psyfa@uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslettet kan bli endret frem til 14 dager før eksamen. Sted for eksamen vil bli publisert 14 dager før.

  • Vurderingsordning: Praksis

    Trekkfrist
    08.09.2017