Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Læringsprosessar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Praksisskular og UiB

Mål og innhald

Emnet skal øva studentane i å reflektera over undervisning i skulen ut frå pedagogisk og fagdidaktisk perspektiv. Studentane skal i hovudsak følgje undervisning i det dei har som fag1 i 5LU. Dei skal delta i planlegging, gjennomføring og evaluering av undervisning. Vidare skal dei sjølve planleggje og gjennomføre minst ein læringsaktivitet med ein klasse eller ei gruppe elevar. Studentane skal også utdjupe observasjonsferdigheitene sine og få øving i intervju som metode.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kan:

  • har kunnskap om displinfaglæraren sine ulike roller og arbeidsoppgåver
  • har kunnskap om undervisning og læring og kan sjå dette i lys av praksis, og pedagogisk og fagdidaktisk teori.

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • kan planleggje og gjennomføre korte læringsaktivitetar med elevar.
  • kan ha faglege samtalar om fag og pedagogikk med elevar og lærerar.
  • kan nytte observasjon og intervju som metode i ulike settingar i skulen for bruk i eige utviklingsarbeid

Generell kompetanse

Studenten kan:

  • kan reflektere over undervisningsmessige utfordringar i lys av praktiske døme.
  • kan delta i skulesamfunnet og kommunisere med elevar og lærar.

Krav til forkunnskapar

KOPRA101

Krav til studierett

Ein må ha studierett på eit av UiB sine lektorutdanningsprogram.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

HF-studentar: 8 dagar - totalt 48 timar

MN-studentar: 7 dagar - totalt 42 timar

Dette inkluderer for- og etterarbeid i PEDA121 og DIDAxx ved UiB.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • 100 % oppmøte i praksis inkludert for- og etterarbeid.
  • Gjennomføre og planleggje minst éin læringsaktivitet
  • Gjennomføre eit intervju med ein elev/lærar.
  • Loggføring for alle praksisdagar.

Vurderingsformer

Praksis

Vurdering av deltaking og gjennomføring av minst ein læringsaktivitet i praksis vert gjort av rettleiar i skulen.

Vurdering av studenten sin faglege refleksjon over erfaringar frå praksis vert gjort av fagdidaktikarar og pedagogar ved UiB.

Karakteren vert fastsett på grunnlag av ei samla vurdering av punkta over.

Karakterskala

Greidd/ikkje greidd

Vurderingssemester

Haust

Emneevaluering

Emnet blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet
Det humanistiske fakultet

Administrativt ansvarleg

Institutt for pedagogikk, Det psykologiske fakultet

Programrådet for lektorutdanning ved UiB har emneansvar for KOPRA102.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Har du spørsmål? Kontakt administrasjonen på laerer@uib.no eller på studierettleiar.psyfa@uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslettet kan bli endret frem til 14 dager før eksamen. Sted for eksamen vil bli publisert 14 dager før.

  • Vurderingsordning: Praksis

    Trekkfrist
    15.09.2017