Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Planlegging og evaluering av undervising

Studiepoeng, omfang

Ingen

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Praksisskular og UiB.

Mål og innhald

Emnet skal gje erfaring med undervisning sett frå eit pedagogisk og fagdidaktisk perspektiv. Emnet skal gje innblikk i kva rolle læremiddel og læreplanar speler i undervisninga, og tilhøvet mellom undervisning og læring.

Studentane skal planleggje, prøve ut og evaluere aktivitetar i faga sine med utgangspunkt i læreplanar, og vere i stand til å reflektere over eigen praksis.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten

  • har kunnskapar om yrkesetiske problemstillingar
  • har kunnskap om bruken av ulike typar læremiddel.
  • har kunnskap om vilkår og føresetnadar for elevane si læring i fag.

Ferdigheter:

Studenten kan

  • planleggje, gjennomføre og evaluere ei undervisningsøkt med utgangspunkt i læreplan og kompetansemål i faget.
  • kritisk vurdere bruken av ulike typar læremiddel i forskjellige læringskontekstar.
  • nytte informasjon henta inn gjennom ulike undersøkingar til å reflektere over eiga undervisning og elevane si læring i fag.

 Generell kompetanse:

Studenten:

  • kan reflektere over korleis læremiddel og læreplanverk set rammer for undervisning og korleis dette verkar inn på lærarrolla og elevane si læring

Krav til forkunnskapar

KOPRA101 og KOPRA102

Krav til studierett

Ein må ha studierett på eit av UiB sine lektorutdanningsprogram.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

HF-studentar: 12 dagar - totalt 72 timar

SV-studentar: 12 dagar - totalt 72 timar

MN-studentar: 7 dagar - totalt 42 timar

Dette inkluderer for- og etterarbeid i PEDA122 og DIDAXX ved UiB for alle.For HF- og SV-studentane inkluderer det i tillegg to førebudde temaseminar arrangert i samarbeid mellom praksisfeltet og profesjonsfaga.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • 100 % oppmøte i praksis inkludert føre- og etterabeid ved UiB.
  • For HF-og SV-studentar er det obligatorisk å delta på to førebudde temaseminar.
  • Planleggje, gjennomføre og evaluere minst éi undervisningsøkt med ein klasse eller gruppe av elevar.

Vurderingsformer

Praksis

Vurdering av deltaking i praksis og gjennomføring av minst ein undervisningsøkt vert gjort av rettleiar i skulen.

Vurdering av studenten sin faglege refleksjon over erfaringar frå praksis vert gjort av fagdidaktikarar og pedagogar ved UiB

Karakteren vert fastsett på grunnlag av ei samla vurdering av punkta over.

Karakterskala

Greidd/Ikkje greidd

Emneevaluering

Emnet vert evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Det matematisk-naturvitskapelege fakultet

Det humanistiske fakultet

Emneansvarleg

Institutt for pedagogikk, Det psykologiske fakultet

Programrådet for lektorutdanning er emneansvarlig for KOPRA103.

Administrativt ansvarleg

Institutt for pedagogikk, Det psykologiske fakultet

Kontakt

Kontaktinformasjon

Har du spørsmål? Kontakt administrasjonen på laerer@uib.no eller på studierettleiar.psyfa@uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslettet kan bli endret frem til 14 dager før eksamen. Sted for eksamen vil bli publisert 14 dager før.

  • Vurderingsordning: Praksis

    Trekkfrist
    22.09.2017