Moderne biletekultur
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Vår |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Norsk
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Læringsutbyte
Emnet gir kunnskap om moderne kunst og biletkultur.
Kontaktinformasjon
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsspråk
Norsk
Studienivå
Bachelor.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Denne eksamenen er open for personar utan studierett, etter søknad til Studieadministrativ avdeling. Sjå UHL § 3-10
Mål og innhald
Emnet presenterar og drøfter karakteristiske trekk ved kunsten og den visuelle kulturen frå 1700-talet og fram til vår eiga tid. I dette står utviklinga av kunstinstitusjonen, modernismen og den høgst samansette ettermoderne kunsten sentralt. Men emnet tar og opp ulike tema, som til dømes mangfaldet og dei ulike brukskontekstane innanfor den ikkje-institusjonelle biletkulturen - og spørsmål knytte til tolking og historisk kontekstualisering. Val av tema kan variera frå semester til semester.
Emnet tar sikte på å gi ei generell innføring i kunsten og den visuelle kulturen frå omkring 1700 og fram til vår eiga tid. Det rettar seg og mot å utvikle evna til å nærme seg det enkelte bilete eller kunstverk som historisk dokument og estetisk objekt.
Læringsutbyte/resultat
Emnet gir kunnskap om moderne kunst og biletkultur.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen.
Undervisning og omfang
Førelesingar: Om lag 12 dobbelttimar.
Om del melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi Side. På emne der dette kan vere aktuelt vil studentane får informasjon om det ved semesterstart, og før semesterregistreringsfrista 1. februar / 1. september.
Obligatoriske arbeidskrav
Ingen.
Vurderingsformer
7 dagars heimeksamen med justerande munnleg prøve. Den skriftlege oppgåva skal ha eit omfang på 15 sider med 1 ½ linjeavstand og 12 punkt times eller liknande. Munnleg eksamen kan justere karakteren på oppgåva med éin bokstavkarakter opp eller ned.
Karakterskala
Karakterskala frå A til F, der E er siste ståkarakter
Undervisningsstad
Bergen.
Emneevaluering
Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no