Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Kunst, arkitektur og visuell kultur i antikken

Studienivå (studiesyklus)

 Bachelor

Undervisningssemester

 Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet skal gje oversyn over kunst, arkitektur, visuell kultur og byplanlegging frå antikken. Det historiske fokuset er særleg på den gresk-romerske kunsthistoria frå oppkomsten til dei greske bystatane til og med det romerske imperiet i seinantikken (tidleg kristen/tidleg bysantinsk periode). Arkitektonisk og visuell kultur frå forhistorie, og særleg dei tidlege høgkulturane i t.d. Egypt og Mesopotamia, vil òg kunne trekkast inn. I undervisninga vil ein sette konkrete verk inn i fleire kontekstar, og diskutere dei ut frå historiske, kulturelle, estetiske, tekniske, ikonografiske, religiøse og teoretiske perspektiv. Sidan kunstverk og monument frå antikken ofte er svært fragmentariske og nokre gonger berre kjende i litterære skildringar, legg ein i teoriundervisninga særleg vekt på kritisk bruk av arkeologiske og litterære kjelder

Læringsutbyte

Kunnskapar:

Kandidaten

- har brei oversikt over kunst, arkitektur og visuell kultur frå antikken

- har og kjennskap til dei viktigaste problemstillingar, metoder og analytiske verktøy som vert nytta i studiet av kunsthistoria i antikken.

- har grunnleggande kunnskaper i kritisk bruk av arkeologiske og litterære kjelder i studiet og rekonstruksjon av kunstverk og monument frå antikken.

- har kjennskap til ulike forskingstradisjoner i studiet av den antikke kunsthistoria

- har grunnleggjande føresetnader for sjølvstendig fordjuping i kunst, arkitektur og visuell kultur frå antikken.

Ferdigheiter:

Kandidaten

- kan nytte ei vitskapeleg tilnærming i diskusjonar om kunst, arkitektur og visuell kultur frå antikken.

- kan vise geografisk tilhøyring og datere ulike kunstverk frå antikken.

- kan uttrykke seg i eit fagspråk om kunsthistoria i antikken.

Generell kompetanse:

Kandidaten

- har innsikt i etiske spørsmål innafor forskning, formidling, forvaltning og internasjonal handel med kunstverk frå antikken.

- kan formidle sentralt fagstoff i den antikke kunsthistoria skriftleg og munnleg.

- kan utveksle eigne synspunkt og erfaringar med dei som har den same eller liknande faglege plattforma i ei høgare utdanning med tilsvarande innføringsemne i den antikke kunst- og kulturhistoria.

Krav til forkunnskapar

 Ingen

Tilrådde forkunnskapar

 Gode leseferdigheter i engelsk er tilrådde forkunnskapar.

Studiepoengsreduksjon

 KUN 121: 10 stp, KUN111: 15 stp, KUN101: 10 stp.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen. Personar utan studierett kan søkje Det humanistiske fakultet om å få gå opp til særskild eksamen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

 Undervisinga blir gitt som førelesingar (normalt 12-14 dobbelttimer) og seminar.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan vere aktuelt vil studentane får informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

 Ingen

Vurderingsformer

 Sju dagars heimeeksamen med justerande munnleg eksamen.

Karakterskala

 A-F

Litteraturliste

Litteraturlister finn du på uib.no under det einskilde emnet. Lista vil vere klar innan 01.06 / 01.12 for det komande semesteret.

Emneevaluering

 Evaluering blir gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslettet kan bli endret frem til 14 dager før eksamen. Sted for eksamen vil bli publisert 14 dager før.

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen og justerande munnleg eksamen

    Trekkfrist
    01.09.2017
    • Klokkeslettet kan bli endret frem til 14 dager før eksamen. Sted for eksamen vil bli publisert 14 dager før.

    • Eksamensdel: Heimeeksamen

      Innleveringsfrist
      22.09.2017, 13:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Justerande munnleg eksamen

      Dato
      05.10.2017