Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Kunst, arkitektur og visuell kultur i tidleg nytid (1400-1850)

Studienivå (studiesyklus)

 Bachelor

Undervisningssemester

 Haust

Undervisningsstad

 Bergen

Mål og innhald

Emnet skal formidle forståing for kunst, arkitektur og visuell kultur i tidleg nytid, sett i ein brei kulturhistorisk og sosial kontekst. Emnet har som mål å problematisere historiske periode- og stilomgrep, og sjå på ulike historiske forståingar og teoriar om «kunst». Vi vil drøfte konkrete verk ut frå historiske, kulturelle, estetiske, tekniske, ikonografiske, religiøse og teoretiske perspektiv.

Nye visuelle teknologiar vil stå sentralt med tanke på framveksten av nye biletformer og synskulturar.

Emnet vil konsentrere seg om kunsten i Noreg og resten av Europa frå ca. 1400 fram til ca. 1850.

Val av tematisk tyngdepunkt kan variera frå semester til semester.

Læringsutbyte

 Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Ferdigheiter

Generell kompetanse

Kandidaten

*kjenner til sentrale trekk innan biletkunst, arkitektur og visuell kultur frå framveksten av renessansen til og med 1850.

*har grunnleggjande forståing av samverket mellom kunst og vitskap med hovudvekt på utviklinga av visuelle og optiske teknologiar og teoriar.

Kandidaten

* kan nytta geometriske verkty for analyse av bilete og arkitektur.

* kan utføre ikonografisk analyse av nokre sentrale verk.

* kan gjenkjenne romkonstruksjonar i bilete med utgangspunkt i ulike visuelle teknologiar.

.

Kandidaten

* er i stand til å nytta fagområdet sine uttrykks-former i sjølvstendig arbeid med sentrale faglege problemstillingar.

Krav til forkunnskapar

 Ingen

Tilrådde forkunnskapar

 KUN131 og KUN132

Studiepoengsreduksjon

Fullt overlapp med det tidlegare emnet KUN122 (15 stp). Overlappar 10 stp med dei tidlegare emna KUN112 og KUN103.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen. Personar utan studierett kan søkje Det humanistiske fakultet om å gå opp til særskild eksamen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

 Undervisninga blir gitt som førelesingar (normalt 12-14 dobbelttimar).

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan vera aktuelt vil studentane bli informert ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

 Ingen

Vurderingsformer

 I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

  • Førebudd munnleg eksamen. Kandidaten får utlevert oppgåva to dagar før eksamen.

Karakterskala

 A-F

Litteraturliste

Litteraturlister finn du på uib.no under det einskilde emnet. Lista vil vere klar innan 01.06 / 01.12 for det komande semesteret.

Emneevaluering

 Evaluering blir gjennomført i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslettet kan bli endret frem til 14 dager før eksamen. Sted for eksamen vil bli publisert 14 dager før.

  • Vurderingsordning: Munnleg eksamen

    Trekkfrist
    23.11.2017