Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Kunstteori, estetikk og historiografi

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor.

Undervisningssemester

Haust og vår.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet skal gi ei djupare innsikt i kunsthistoria som fagdisiplin ved å presentere nokre av dei sentrale omgrepa og analytiske strategiane som har prega faget. Det sentrale tema i emnet er korleis dei historiske teoriane har prega den faglege debatten om kva kunst og kunsthistorie er, og i kva grad desse teoriane er aktuelle i dag.

Emnet kan vektlegge metodiske og historiografiske, så vel som kunstteoretiske perspektiv, og emnet kan ta opp nokre av dei teoretiske utfordringane kunsthistoriefaget har møtt og møter frå til dømes feministiske, poststrukturalistiske, eller postkoloniale posisjonar.

Kunnskap om kunstteori og estetikk er grunnlag for å vurdere sentrale problem som: Kva er etterlikning? Kva er venleik? Kva er det sublime? Kva er kunst? Kva er historie? Kva er en smaksdom?

Undervisninga er både tematisk og historisk organisert. I undervisninga vil vi drøfte grunnomgrepa i høve til sentrale teoretikarar og konkrete døme frå kunst og visuell kultur.

Val av tematisk tyngdepunkt kan variere frå semester til semester.

Læringsutbyte

Kunnskap

Studenten

- kan gjere greie for grunnleggjande omgrep og utviklingstrekk innan kunsthistorisk teori og metode.

Ferdigheter

Studenten
- kan reflektere teoretisk over kunst og visuell kultur på eit høgare plan.
- kan skrive meir sjølvstendige analytiske tekster med utgangspunkt i normer og reglar for akademisk skriving

Generell kompetanse

Studenten
- er godt førebudd på å forstå, og ta del i teoretiske grunnlagsdebattar innan kunsthistorie og visuell kultur
- er godt førebudd til fagleg, akademisk arbeid på masternivå

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

 

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar, normalt 12-14 dobbelttimar og kollokvieundervisning.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan vere aktuelt vil studentane får informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane må møte på minst 75 % av undervisninga.

Vurderingsformer

7-dagars heimeeksamen og ein munnleg eksamen. Munnleg eksamen tel 50% og skriftleg eksamen tel 50% av samla karakter. Oppgåva skal ha eit omfang på 3500-4000 ord.

Karakterskala

Karakterskala frå A til F, der E er siste ståkarakter

Litteraturliste

Pensum er på om lag 1000 sider

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslettet kan bli endret frem til 14 dager før eksamen. Sted for eksamen vil bli publisert 14 dager før.

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen og munnleg eksamen

    Trekkfrist
    03.11.2017
    • Klokkeslettet kan bli endret frem til 14 dager før eksamen. Sted for eksamen vil bli publisert 14 dager før.

    • Eksamensdel: Heimeeksamen

      Innleveringsfrist
      17.11.2017, 13:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Munnleg eksamen

      Eksamensperiode
      05.12.2017–06.12.2017