Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Moderne og samtidskunst med bacheloroppgåve

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeKUN254
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk. Dersom det melder seg minimum 5 utanlandske studentar kan undervisninga bli gitt på engelsk.
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust/vår ¿ ikkje fast

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Dette emnet er eit fordjupingsemne i spesialiseringa i kunsthistorie. Emnet utforskar sentrale verk og diskusjonar kring kunsten i tida etter andre verdskrigen. I emnet skal vi dekke tema i spennet frå amerikansk etterkrigskunst, nyavantgardiske kunstretningar, konseptualisme, utviklinga av multimediale kunstpraksisar, tilhøvet mellom estetikk og politikk, og framveksten av ein global kunstscene.

Det tematiske tyngdepunkt kan variera frå semester til semester.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Etter å ha fullført emnet har studentane

¿ kunnskap om sentrale tendensar i - og teoretiske problemstillingar som er relevante for vestlig biletkunst etter 1950

Ferdigheiter

Etter å ha fullført emnet kan studentane

¿ analysere kunstverk frå perioden med utgangspunkt i pensumlitteraturen.

¿ gjere greie for sentrale omgrep og teoretiske posisjonar i kunsthistorielitteraturen for perioden.

¿ demonstrere evne til å utvikle, utfolde og formulere problemstillingar innanfor feltet moderne og samtidskunst på en sjølvstendig måte.

¿ gjere greie for, og aktivt nytte eit større tilfang av analytiske og teoretiske omgrep.

¿ skrive lengre analytiske tekstar med utgangspunkt i reglar og normer for akademisk skriving.

Generell kompetanse

Etter å ha fullført emnet har studentane

¿ røynsle med å jobbe sjølvstendig med ei lengre akademisk oppgåve, og kunne justere arbeidet under rettleiing.

¿ røynsle i å arbeide sjølvstendig i prosjekt.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

 

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar: normalt om lag 12 -14 dobbelttimar.

Om del melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan vere aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane må møte på minst 75% av undervisninga. Det er obligatorisk å levere bacheloroppgåva til rettleiing to gonger i løpet av semesteret til oppsette fristar. Fristane er endelege og vert publiserte på Mitt UiB. Namneliste med individuelle rettleiingstidspunkt vert publisert på Mitt UiB ein av dei første dagane etter innleveringane.

Vurderingsformer

Eksamen er ei bacheloroppgåve med tema frå kurset det gjeldande semesteret. Omfanget på oppgåva skal vere 4500-5000 ord.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Litteraturliste

Pensum er på om lag 1000 sider.

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslettet kan bli endret frem til 14 dager før eksamen. Sted for eksamen vil bli publisert 14 dager før.

  • Vurderingsordning: Bacheloroppgåve

    Innleveringsfrist
    23.11.2017, 13:00
    Trekkfrist
    09.11.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen