Landskap og naturfremstilling med bacheloroppgåve
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
- Semester: 2012h
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Haust. Emnet vil ikkje bli gitt hausten 2012 |
| Timeplan | |
| Pensumliste |
Undervisningsspråk
Norsk.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Læringsutbyte
Studietilbodet tar sikte på å gi studentane høve til fordjuping i ulike tilnærmingar til landskap og natur som visuell kultur. Ein legg vekt på at studentane skal øva opp evna til å aktualisera teoretiske problem i høve til konkrete døme frå historie og samtid.
Kontaktinformasjon
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no
Undervisningssemester
Haust. Emnet vil ikkje bli gitt hausten 2012
Undervisningsspråk
Norsk.
Studienivå
Bachelor.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Mål og innhald
Studieemnet er eit tverrfagleg tilbod i studiet av landskap som visuell kultur og visualisering av natur. Landskapsomgrepet som er sentralt i studieemnet femner om landskap som form, motiv, kontekst og sansingsområde. Eit eller fleire av fyljande tema vert tatt opp i undervisninga:
- Regionale tradisjonar i biletkunst, arkitektur og visuell kultur.
- Økologiske problem i arkitektur, byplanlegging og infrastruktur.
- Landskap som sjanger og motiv i tradisjonell og nyare biletkunst.
- Kunstgeografiske spørsmål, t.d. diffusjonsteori, det nasjonale og orientalisme.
- Geografisk visuell kultur, t.d. kart, flyfoto, satellittbilete, visuell overvaking og virtuelle landskap.
- Hage- og landskapsarkitektur.
- Kulturlandskap og kulturminne.
- Nyare landskapskunst (Land Art, Site Specific Art).
- Natur- og landskapsestetikk (naturopplevinga si estetiske side, det sublime i naturen).
- Museale, vitskaplege og populære visualiseringar av natur (Naturhistoriske utstillingar, bruk av visuelle studium i naturvitskap, filmatiske og journalistiske naturframstillingar).
- Litterære reiseskildringar der visualisering av stader, landskap eller natur speler ei sentral rolle.
Studieemnet vil òg vera eigna som valfritt emne på bachelor- nivå i andre kulturfag (historie, arkeologi, litteratur- og kulturvitskap), samfunnsfag som geografi og antropologi.
Eitt av emna på 200-nivå må ha bacheloroppgåve som eksamensform. Emnet KUN257 kan inngå i bachelorgraden som bacheloroppgåva.
Læringsutbyte/resultat
Studietilbodet tar sikte på å gi studentane høve til fordjuping i ulike tilnærmingar til landskap og natur som visuell kultur. Ein legg vekt på at studentane skal øva opp evna til å aktualisera teoretiske problem i høve til konkrete døme frå historie og samtid.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Emner på 100-nivå i kunsthistorie tilsvarande eit årsstudium.
Undervisning og omfang
Førelesingar og/eller seminar. Desse kan arrangerast som intensivseminar over kort tid, eller som seminar som går ei gong i veka gjennom heile semesteret.
Om del melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi Side. På emne der dette kan vere aktuelt vil studentane får informasjon om det ved semesterstart, og før semesterregistreringsfrista 1. februar / 1. september.
Obligatoriske arbeidskrav
Det er obligatorisk å levere bacheloroppgåva til rettleiing to gonger i løpet av semesteret til oppsette fristar. Fristane er endelege og vert publiserte på Mi Side. Namneliste med individuelle rettleiingstidspunkt vert publisert på Mi Side ein av dei første dagane etter innleveringane.
Vurderingsformer
Eksamen er ei rettleidd skriftleg oppgåve med tema frå det kurset det gjeldande semesteret. Det ferdige arbeidet skal ha eit omfang på omlag 15 maskinskrivne sider med 1 1/2 linjeavstand og 12 punkt skrift (Times el.l. skrifttype).
Karakterskala
Karakterskala A-F
Læremiddelomtale
Pensum er på om lag 1000 sider og er sett saman av tekstar som plasserer seg innafor hovudkomponentane i faget.
Emneevaluering
Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no