Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Kunsthistorisk særemne med bacheloroppgåve

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeKUN259
  • Talet på semester1
  • Språk Norsk, skandinavisk eller engelsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

 Bachelor

Undervisningssemester

 Haust eller vår, ikkje fast

Undervisningsstad

 Bergen

Mål og innhald

Emnet er et spesialiseringsemne i kunsthistorie. Temaet, som blir valt av fagmiljøet, vil variere. Særemnet kan til dømes byggjast opp omkring eitt av følgjande område: (1) eit verk eller eit oeuvre (2) ein sjangar eller eit medium (3) ein kunsthistorisk periode (4) ein kunstnarisk tradisjon (5) eit tema eller ei teoretisk problemstilling som overskrid både medium, tradisjon og periode. Særemnet vil utvikle evna til kritisk tenking.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Etter å ha fullført emnet har studenten

¿ brei kunnskap innan et avgrensa kunsthistorisk felt

¿ ei klar forståing av feltets grunnlagsproblem og konsept

Ferdigheiter

Etter å ha fullført emnet kan studenten

¿ nytte eit større tilfang av relevante analytiske og teoretiske omgrep.

¿ arbeide sjølvstendig og kritisk.

Generell kompetanse

Etter å ha fullført emnet har studenten

¿ røynsle med å jobbe sjølvstendig med eit kunsthistorisk materiale.

Krav til forkunnskapar

 Ingen

Tilrådde forkunnskapar

 Ingen

Studiepoengsreduksjon

 

Krav til studierett

 Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga blir gitt i form av forelesingar og/eller seminar som kan tilpassast studentar både på 200- og 300-nivå. Eit reint seminartilbod har eit omfang på ca. 30 timar. Eit reint forelesingstilbod svarar til 12 til 14 timar.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan vere aktuelt, vil studentane får informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane må møte på minst 75% av undervisninga.

Det er obligatorisk å levere bacheloroppgåva eller tilsvarande oppgåve til rettleiing to gonger i løpet av semesteret til oppsette fristar. Fristane er endelege og blir publiserte på Mitt UiB. Namneliste med individuelle rettleiingstidpunkt blir publisert på Mitt UiB ein av de første dagane etter innlevering.

Vurderingsformer

Eksamen er en skriftleg bacheloroppgåve med tema frå emnet i det gjeldande semesteret. Det ferdige arbeidet skal ha eit omfang på 4.500 til 5.000 ord.

Karakterskala

 Karakterskala A til F

Vurderingssemester

 

Litteraturliste

 Pensum er på rundt 1000 sider.

Emneevaluering

 Evaluering blir gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslettet kan bli endret frem til 14 dager før eksamen. Sted for eksamen vil bli publisert 14 dager før.

  • Vurderingsordning: Bacheloroppgåve

    Innleveringsfrist
    15.09.2017, 13:00
    Trekkfrist
    01.09.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen