Gå til innhold
English A A A
Emne KUVI104

Folkeleg kultur og populærkultur

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 15
Undervisningssemester Haust
Fagleg overlapp KUVI259
Timeplan Se timeplan
Pensumliste Se pensumliste

Undervisningsspråk

Norsk.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Læringsutbyte

Kunnskapar
Ved fullført emne har studentane fått innsikt i kva meining forteljingar har i fortid og notid, og i skaping og gjenskaping av kultur. Dei har også lært seg å kjenne igjen ulike sjangrar. Gjennom kjennskap til narrative trekk ved ulike uttrykk og kunnskap om samanhengar forteljingar inngår i, har studentane fått større forståing for kva plass forteljingar har i det moderne mediesamfunnet. Studentane har òg fått innsikt i korleis folk sine daglegliv blir organisert og ritualisert i fortid og notid, gjennom tradisjonelle skikkar og moderne populærkultur. Ferdigheiter
Studentane kan meistre relevante faglege omgrep og kan skrive ein resonnerande tekst.
Generell kompetanse
Studentane kan arbeida sjølvstendig og kan kommunisere om faglege tema.

Kontaktinformasjon

studierettleiar@ahkr.uib.no

Undervisningssemester

Haust

Eksamenssemester

Haust.

Undervisningsspråk

Norsk.

Studienivå

Bachelor

Institutt

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett ved UiB.

Mål og innhald

Læringsmål
Emnet skal gi ei innføring i feltet folkekultur og populærkultur i fortid og notid, og spørsmål om kontinuitet og endring står sentralt. Emnet skal læra studentane å sjå korleis kategoriar frå tradisjonell folkekultur får sine uttrykk i den moderne mediekulturen: frå gjenkjennelege former og retoriske grep, til forestillingar, haldningar og handlingar.
Fagleg innhald
Emnet tematiserer dagleglivets organisering i skikkar og ritual og korleis den moderne populærkulturen blir brukt i organiseringa av folk sine kvardagsliv. Emnet fokuserer òg på sentrale folkelege forteljesjangrar frå eventyr og segn til notida sine vandrehistorier, personlege forteljingar og medieforteljingar. Det blir lagt vekt på forholdet mellom kollektive uttrykksformer og individuelle ytringar.

Læringsutbyte/resultat

Kunnskapar
Ved fullført emne har studentane fått innsikt i kva meining forteljingar har i fortid og notid, og i skaping og gjenskaping av kultur. Dei har også lært seg å kjenne igjen ulike sjangrar. Gjennom kjennskap til narrative trekk ved ulike uttrykk og kunnskap om samanhengar forteljingar inngår i, har studentane fått større forståing for kva plass forteljingar har i det moderne mediesamfunnet. Studentane har òg fått innsikt i korleis folk sine daglegliv blir organisert og ritualisert i fortid og notid, gjennom tradisjonelle skikkar og moderne populærkultur. Ferdigheiter
Studentane kan meistre relevante faglege omgrep og kan skrive ein resonnerande tekst.
Generell kompetanse
Studentane kan arbeida sjølvstendig og kan kommunisere om faglege tema.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen.

Fagleg overlapp

KUVI259

Undervisning og omfang

Normalt 10 forelesingar. Undervisning blir gitt gjennom forelesingar og seminar.

Obligatoriske arbeidskrav

Det er obligatorisk å levera ei skriftleg øvingsoppgåve på 1200 - 2000 ord. I øvingsoppgåva skal studenten analysera eit aktuelt eksempel knytt til pensumlitteraturen. Oppgåva blir ikkje rettleidd, og blir vurdert som godkjend/ikkje godkjend.

Vurderingsformer

Eksamen er ei tre dagars heimeeksamen og ei justerande munnleg prøve. Eksamensoppgåva skal vera på maks 2000 ord. Obligatoriske aktivitetar må vera gjennomførte før studenten kan gå opp til eksamen.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Læremiddelomtale

Instituttet utarbeider pensumliste. Pensum er på 1200 - 1500 sider.

Undervisningssted

Bergen

Emneevaluering

Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.

Kontaktinformasjon

studierettleiar@ahkr.uib.no