Kjønn, seksualitet, kultur
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Vår. |
| Fagleg overlapp | KUVI256 |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Norsk.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Ved fullført emne skal studentane ha kunnskap om ulike måtar å analysera kjønn og seksualitet ut frå eit kulturvitskapleg perspektiv.
Ferdigheiter
Studentane har fått kjennskap til relevante problemstillingar og forskingsarbeid innan fagområdet.
Generell kompetanse
Studentane kan skriva ein resonnerande tekst og kan kommunisera om faglege tema med andre med bakgrunn innan fagområdet.
Kontaktinformasjon
Studierettleiar@ahkr.uib.no
Undervisningssemester
Vår.
Eksamenssemester
Vår og haust.
Undervisningsspråk
Norsk.
Studienivå
Bachelor.
Institutt
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap.
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett ved UiB. Eksamen er open for personar utan studierett etter søknad til Studieadministrativ avdeling.
Mål og innhald
Læringsmål
Emnet tek sikte på å gi ei innføring i korleis kjønn og seksualitet kan analyserast frå eit kulturvitskapleg perspektiv, både i vår eiga tid og i andre historiske periodar. Sentrale spørsmål dreier seg om kulturelle konstruksjonar og iscenesetjingar av kjønn og seksualitetar.
Fagleg innhald
Emnet rettar søkjelys på den kulturelle konstruksjonen av kjønn og seksualitetar og søkjer å avdekkja dei kulturelle mønstra som er med å forma individa til dei tilsynelatande faste kategoriane mann og kvinne, hetero og homo. Emnet fokuserer på korleis meiningsinnhaldet i kjønns- og seksualitetskategoriane blir produsert, reprodusert og eventuelt endra. Teoretisk vil emnet trekkja vekslar på kulturteori og generell kjønnsteori.
Læringsutbyte/resultat
Kunnskapar
Ved fullført emne skal studentane ha kunnskap om ulike måtar å analysera kjønn og seksualitet ut frå eit kulturvitskapleg perspektiv.
Ferdigheiter
Studentane har fått kjennskap til relevante problemstillingar og forskingsarbeid innan fagområdet.
Generell kompetanse
Studentane kan skriva ein resonnerande tekst og kan kommunisera om faglege tema med andre med bakgrunn innan fagområdet.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen.
Fagleg overlapp
Undervisning og omfang
Undervisinga blir gjeve i form av førelesingar og seminar. Normalt omkring 10 førelesingar.
Obligatoriske arbeidskrav
Studenten skal skriva to oppgåver med oppgitte emne. Kvar oppgåve skal vera på om lag 1200 ord. Faglærar gir skriftlege tilbakemeldingar på oppgåvene. Fristar for innleveringar blir kunngjort på Mi side. Obligatoriske aktivitetar er gyldige i to semester etter det undervisingssemesteret dei vart godkjende.
Vurderingsformer
Eksamen er ein 6 timars skuleeksamen. Alle obligatoriske arbeidskrav må vera oppfylte for at studenten skal kunna møta til eksamen.
Karakterskala
Det blir nytta bokstavkarakterar på ein skala frå A til F, der F er stryk.
Læremiddelomtale
Instituttet utarbeider pensumlister, pensum er på 1200 - 1500 sider.
Undervisningssted
Bergen.
Emneevaluering
Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.
Kontaktinformasjon
Studierettleiar@ahkr.uib.no