Hekseprosessene og den magiske verda
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Haust |
| Fagleg overlapp | KUVI257 |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Norsk
Krav til forkunnskapar
Ingen
Læringsutbyte
Kunnskapar
Ved fullført emne har studentane kunnskap om viktige sider ved hekseprosessane og det magiske verdsbildet i tidleg nytid. Dei har òg kunnskap om dei store variasjonane i hekseforfølginga frå land til land og i ulike historiske periodar.
Ferdigheiter
Studentane har fått kunnskap om relevante problemstillingar og nyare forsking om hekseprosessane og den magiske verda i tidleg nytid.
Generell kompetanse
Studentane kan skrive ein resonnerande tekst om hekseforfølginga og kan formidle denne kunnskapen til eit breiare publikum.
Kontaktinformasjon
studierettleiar@ahkr.uib.no
Undervisningssemester
Haust
Eksamenssemester
Haust
Undervisningsspråk
Norsk
Studienivå
Bachelor
Institutt
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett ved UiB. Eksamen er ope for personar utan studierett etter søknad til Studieadministrativ avdeling.
Mål og innhald
Læringsmål
Emnet tek sikte på å gi ei kulturvitskapleg innføring i viktige trekk ved dei norske og europeiske hekseprosessane i tidleg nytid (ca. 1500-1700) med utgangspunkt i aktørane sitt magiske verdsbilete. Det blir også lagt vekt på komparative perspektiv, der også heksejakt i notida, til dømes i Afrika, får ein viss plass. Målet er å gi grunnleggjande kunnskap om årsakene til hekseprosessane. Emnet legg vekt på folketru, kriminalisering av magi og folkemedisin, kvinneundertrykking, ryktespreiing, kyrkjas og religionens rolle, makt og motmakt.
Fagleg innhald
Emnet rettar søkjelys mot dei store hekseprosessane i Noreg og Europa i tidleg nytid. Emnet vil både leggje vekt på konkrete analysar av einskilde prosessar og meir makrohistoriske og komparative perspektiv. Hekseprosessane vert analyserte i lys av spenningar og konfliktar mellom folkekultur og elitekultur, magiske element i folk sine kvardagspraksisar og rolla til kyrkja og rettsapparatet. Teoretisk vil emnet basere seg på kulturhistoriske og folkloristiske perspektiv.
Læringsutbyte/resultat
Kunnskapar
Ved fullført emne har studentane kunnskap om viktige sider ved hekseprosessane og det magiske verdsbildet i tidleg nytid. Dei har òg kunnskap om dei store variasjonane i hekseforfølginga frå land til land og i ulike historiske periodar.
Ferdigheiter
Studentane har fått kunnskap om relevante problemstillingar og nyare forsking om hekseprosessane og den magiske verda i tidleg nytid.
Generell kompetanse
Studentane kan skrive ein resonnerande tekst om hekseforfølginga og kan formidle denne kunnskapen til eit breiare publikum.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Fagleg overlapp
Undervisning og omfang
Undervisninga blir gitt i form av forelesingar.
Obligatoriske arbeidskrav
Ingen
Vurderingsformer
Eksamen er ein 6 timars skuleeksamen.
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Læremiddelomtale
Instituttet utarbeider pensumliste. Pensum er på 1200 - 1500 sider.
Undervisningssted
Bergen
Emneevaluering
Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.
Kontaktinformasjon
studierettleiar@ahkr.uib.no