Kulturfagleg formidling
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Vår. |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Norsk.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Læringsutbyte
Kunnskapar:
Ved endt studium har studentane fått breid kunnskap om grunnleggjande teoriar, metodar og omgrep innafor kulturfagleg formidling og har definert dette i eit praktisk konsept.
Ferdigheiter:
Studentane kjenner til og kan bruka relevante metoder for forsking og fagleg utviklingsarbeid på ein sjølvstendig måte. Dei kan også skriva ein resonnerande tekst.
Generell kompetanse:
Studentane kan utføra prosjektbasert arbeid, planleggja og gjennomføra arbeidsoppgaver som strekkjer seg over tid og kan meistra relevante kommunikative sjangrar.
Kontaktinformasjon
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap.
studierettleiar@ahkr.uib.no/ 55 58 30 29/ 55 58 33 70
Undervisningssemester
Vår.
Undervisningsspråk
Norsk.
Studienivå
Bachelornivå.
Institutt
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap.
Krav til studierett
Emnet er opent for studentar med studierett på UiB.
Mål og innhald
Læringsmål:
KUVI 202 har som mål å gje innføring i kunnskapsbasert formidling. Emnet tek sikte på å utvikla teoretisk innsikt, kreativ tenking og praktisk dugleik når det gjeld å få fram kunnskap og bestemte bodskapar til ulike målgrupper. Forståinga av samspelet mellom teori og praksis i ein formidlingsstrategi og av valet mellom formidlingsformer blir tileigna ved at studentane utviklar eit eige formidlingskonsept under tett oppfølgjing av den emneansvarlege.
Fagleg innhald:
KUVI 202 legg vekt på ein læringsprosess i kulturfagleg formidling som knyter saman teoretisk og praktisk kunnskap. Det blir gjeve innsyn i og kunnskap om tradisjonelle så vel som nyare formidlingsformer, som utstilling, ulike slag installasjon, kulturløype, temakveld, biletspel, festival og musikkevenement. Det blir gjeve innsyn i prinsippa for god formidling gjennom val av og samspel mellom bilete, gjenstand, tekst, lyd, lys, lukt og rom. Noko av læringa går føre seg i samarbeid med fleire museum. Her får studentane høve til å diskutera og evaluera kunnskapsinnhald, form og formidlingspotensial i ulike utstillingar.
Læringsutbyte/resultat
Kunnskapar:
Ved endt studium har studentane fått breid kunnskap om grunnleggjande teoriar, metodar og omgrep innafor kulturfagleg formidling og har definert dette i eit praktisk konsept.
Ferdigheiter:
Studentane kjenner til og kan bruka relevante metoder for forsking og fagleg utviklingsarbeid på ein sjølvstendig måte. Dei kan også skriva ein resonnerande tekst.
Generell kompetanse:
Studentane kan utføra prosjektbasert arbeid, planleggja og gjennomføra arbeidsoppgaver som strekkjer seg over tid og kan meistra relevante kommunikative sjangrar.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Instituttet rår til at ein har teke eksamen i KUVI101 og KUVI 102.
Undervisning og omfang
Normalt 10-12 førelesingar. Undervisinga er basert på førelesingar og seminar, samt ein ekskursjon. Mykje av arbeidet er prosjektorganisert. Studentane blir organiserte i grupper med frå 3 til 5 medlemmer. Gruppa utarbeider konsept og tekstar til det valte formidlingsprosjektet i samråd med faglærar. Ei anna arbeidsform kan vera å gje ei skriftlig evaluering av til dømes eksisterande utstillingar, festivalar og spel. Faglærar gjev minst to rettleiingar på gruppa sitt arbeid i løpet av semesteret. Studentane fører loggbok over arbeidet.
Obligatoriske arbeidskrav
Loggboka, som dokumenterer prosess og medverknad, skal signerast av alle i gruppa, og leverast inn saman med prosjektoppgåva. Frist for innlevering blir publisert i Studentportalen.
Obligatoriske undervisningsaktivitetar er gyldige i to semester etter det undervisningssemesteret dei vart godkjende.
Vurderingsformer
Eksamen er knytt til resultatet av gruppa sitt arbeid, og evalueringa er todelt. Fyrste del er ei vurdering av gruppa sitt skriftlege fellesarbeid, prosjektoppgåva, som vil få ein felles bokstavkarakter. Andre del er ein individuell justerande munnleg eksamen knytt til gruppearbeid og fellespensum.
Eksamen blir berre arrangert i vårsemesteret. Alle obligatoriske arbeidskrav må vera oppfylde for å kunne møte til eksamen.
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Læremiddelomtale
Instituttet utarbeider pensumlister, pensum er på om lag 1000 sider. Av desse skal om lag 300 sider vera knytt til det aktuelle formidlingsarbeidet.
Undervisningssted
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap, Universitetet i Bergen.
Emneevaluering
Studentane vil med jamne mellomrom bli inviterte til å evaluera faget.
Kontaktinformasjon
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap.
studierettleiar@ahkr.uib.no/ 55 58 30 29/ 55 58 33 70