Folketru og nyreligiøsitet
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Haust |
| Fagleg overlapp | KUVI254 |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Norsk
Krav til forkunnskapar
Ingen
Læringsutbyte
Kunnskapar
Ved fullført emne har studentane kunnskap om folketru og folkeleg religiøsitet i fortid og notid, og om kor og korleis dette kjem til uttrykk.
Ferdigheiter
Studentane meistrar relevante faglege omgrep og kan skrive ein resonnerande tekst.
Generell kompetanse
Studentane kan arbeida sjølvstendig og kan kommunisere om faglege tema.
Kontaktinformasjon
Studierettleiar@ahkr.uib.no
Undervisningssemester
Haust
Eksamenssemester
Haust
Undervisningsspråk
Norsk
Studienivå
Bachelor
Institutt
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett ved UiB.
Mål og innhald
Læringsmål
Emnet skal gi innsikt og fordjuping i ikkje-institusjonell religiøsitet, det som også vert omtala som folketru, folkeleg religiøsitet, nyreligiøsitet eller alternativ spiritualitet, eller som folkelege fortolkingar av oversanselege fenomen eller ein overmenneskeleg sfære. Det handlar om forestillingar, idear og praksisar som ligg utanfor eller i grenselandet av det etablerte religiøse feltet.
Fagleg innhald
Emnet har eit kulturhistorisk perspektiv og drøftar den ikkje-institusjonelle religiøsiteten i fortid og notid og fokuserer på både brot og kontinuitet. Faghistoriske perspektiv er også vesentlege. Kjeldene til denne forma for religiøsitet finn ein i stor grad i forteljingar av ulik art, spreidd anten i munnleg form eller i moderne populærkultur. Forestillingane kjem ikkje til uttrykk i kanoniserte skrifter.Analyse av forteljingar er også del av emnet. Ikkje-institusjonell religiøsitet vert uttrykt i mange ulike forestillingar, til dømes om sjukdom og helse, kjærleik og produktivitet. Den vert uttrykt både i handlingar og forteljingar, og er i stor grad knytt til kvardagslivet og dei samanhengar folk lever i.
Læringsutbyte/resultat
Kunnskapar
Ved fullført emne har studentane kunnskap om folketru og folkeleg religiøsitet i fortid og notid, og om kor og korleis dette kjem til uttrykk.
Ferdigheiter
Studentane meistrar relevante faglege omgrep og kan skrive ein resonnerande tekst.
Generell kompetanse
Studentane kan arbeida sjølvstendig og kan kommunisere om faglege tema.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Instituttet rår til at ein har teke eksamen i KUVI101 og KUVI 102.
Fagleg overlapp
Undervisning og omfang
Normalt 10 forelesingar. Undervisning blir gitt gjennom forelesingar og seminar.
Obligatoriske arbeidskrav
Det er obligatorisk å levera ei skriftleg øvingsoppgåve på 1200 - 2000 ord. I øvingsoppgåva skal studenten analysera eit aktuelt døme som skal knytast til pensumlitteraturen. Oppgåva blir ikkje rettleidd og blir vurdert som godkjend/ikkje godkjend. Oppgåva må vera godkjend for at studenten skal få gå opp til eksamen i emnet.
Vurderingsformer
Eksamen er ein 7 dagars heimeeksamen og ei justerande munnleg prøve. Eksamensoppgåva skal vera på om lag 3000 ord.
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Læremiddelomtale
IInstituttet utarbeider pensumlister, pensum er på 1200 - 1500 sider.
Undervisningssted
Bergen
Emneevaluering
Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.
Kontaktinformasjon
Studierettleiar@ahkr.uib.no