Etniske relasjonar og konfliktar - bacheloroppgåve
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Haust |
| Fagleg overlapp | KUVI103 |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Norsk
Krav til forkunnskapar
Ingen
Læringsutbyte
Kunnskapar
Ved fullført emne har studentane fått kunnskap om etniske konfliktar og korleis migrantar lever sine liv på tvers av politiske, sosiale og kulturelle grenser. Dei har òg fått oversyn over migrasjonsprosessar og migrasjonsrørsler i eit fortids- og notidsperspektiv. Emnet gir òg kunnskap om korleis etniske konfliktar oppstår og bli haldne ved like.
Ferdigheiter
Studentane kan drøfta kulturvitskaplege teoriar og perspektiv knytt til etniske konfliktar, migrasjonsprosessar og migrasjonsrørsler, nasjonalitet og diaspora. Dei kan òg skriva ein lengre, resonnerande tekst
Generell kompetanse
Studentane kan diskutera faglege tema innafor kulturvitskapen med andre med bakgrunn innafor fagområdet.
Kontaktinformasjon
Studierettleiar@ahkr.uib.no
Undervisningssemester
Haust
Eksamenssemester
Haust.
Undervisningsspråk
Norsk
Studienivå
Bachelor
Institutt
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett ved UiB.
Mål og innhald
Fagleg innhald
KUVI253 er eit temabasert humanistisk studium i kulturvitskap som tek utgangspunkt i ulike problemstillingar knytt til etniske konfliktar, og migrasjonsbevegelsar. Det blir lagt særskilt vekt på omgrep som etnisitet, konflikt, migrasjon, multikulturalisme, stad og identitet, diaspora og kulturarv.
Læringsmål
Emnet skal gje studentane innsikt i ulike teoretiske tilnærmingar til feltet etnisitet og etniske konfliktar, samt migrasjon. Studentane skal gjera greie for korleis etniske konfliktar og migrasjonsrørsler kan endra demografiske, økonomiske og sosiale strukturar. Dessutan skal studentane få kunnskap om tilhøvet mellom migrasjonsrørsler og etnisk mangfald.
Læringsutbyte/resultat
Kunnskapar
Ved fullført emne har studentane fått kunnskap om etniske konfliktar og korleis migrantar lever sine liv på tvers av politiske, sosiale og kulturelle grenser. Dei har òg fått oversyn over migrasjonsprosessar og migrasjonsrørsler i eit fortids- og notidsperspektiv. Emnet gir òg kunnskap om korleis etniske konfliktar oppstår og bli haldne ved like.
Ferdigheiter
Studentane kan drøfta kulturvitskaplege teoriar og perspektiv knytt til etniske konfliktar, migrasjonsprosessar og migrasjonsrørsler, nasjonalitet og diaspora. Dei kan òg skriva ein lengre, resonnerande tekst
Generell kompetanse
Studentane kan diskutera faglege tema innafor kulturvitskapen med andre med bakgrunn innafor fagområdet.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Instituttet rår til at ein har teke eksamen i KUVI 101, KUVI 102, samt to sjølvvalde kulturvitskapsemne før ein tek til på KUVI 253.
Fagleg overlapp
Undervisning og omfang
Undervisninga blir gitt i form av forelesingar, seminar og rettleiing.
Obligatoriske arbeidskrav
Det er obligatorisk rettleiing til bacheloroppgåva. Sjå Mi side for meir informasjon.
Pensumlista skal godkjennast av faglærar.
Vurderingsformer
Eksamen er ei skriftleg bacheloroppgåve med ein justerande munnleg eksamen. Bacheloroppgåva skal ha eit omfang på 5000 - 6000 ord. Framstillinga skal vera dokumentert med tilvisingar til litteratur og kjelder.
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Læremiddelomtale
Pensum er på 1200 - 1500 sider. Studenten leverer saman med bacheloroppgåva inn ei pensumliste der halvparten av litteraturen er henta frå pensumlista på KUVI103 og halvparten er sjølvvald. Lista skal vera godkjend av faglærar.
Undervisningssted
Bergen
Emneevaluering
Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.
Kontaktinformasjon
Studierettleiar@ahkr.uib.no