Folketru og nyreligiøsitet, bacheloroppgåve
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Haust |
| Fagleg overlapp | KUVI204 |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Norsk
Krav til forkunnskapar
Ingen
Læringsutbyte
Kunnskapar
Ved fullført emne har studentane djupare kunnskap om folkeleg religiøsitet i fortid og notid, og om kor og korleis denne forma for religiøsitet kjem til uttrykk.
Ferdigheiter
Studentane meistrar relevante faglege omgrep og kan skrive ein lengre resonnerande tekst.
Generell kompetanse
Studentane kan arbeida sjølvstendig og kan kommunisera om faglege tema.
Kontaktinformasjon
Studierettleiar@ahkr.uib.no
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsspråk
Norsk
Studienivå
Bachelor
Institutt
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett ved UiB.
Mål og innhald
Læringsmål
Emnet skal gi innsikt og fordjuping i ikkje-institusjonell religiøsitet, det som også vert omtala som folketru, folkeleg religiøsitet, nyreligiøsitet eller alternativ spiritualitet, eller som folkelege fortolkingar av oversanselege fenomen eller ein overmenneskeleg sfære. Det handlar om forestillingar, idear og praksisar som ligg utanfor eller i grenselandet av det etablerte religiøse feltet.
Fagleg innhald
Emnet har eit kulturhistorisk perspektiv og drøftar den ikkje-institusjonelle religiøsiteten i fortid og notid og fokuserer på både brot og kontinuitet. Faghistoriske perspektiv er også vesentlege. Kjeldene til denne forma for religiøsitet finn ein i stor grad i forteljingar av ulik art, spreidd anten i munnleg form eller i moderne populærkultur. Analyse av forteljingar er også del av emnet. Uorganisert religiøsitet vert uttrykt i mange ulike forestillingar, til dømes om sjukdom og helse, kjærleik og produktivitet. Den vert uttrykt både i handlingar og forteljingar, og er i stor grad knytt til kvardagslivet og dei samanhengar folk lever i. Forestillingane kjem ikkje til uttrykk i kanoniserte skrifter.
Læringsutbyte/resultat
Kunnskapar
Ved fullført emne har studentane djupare kunnskap om folkeleg religiøsitet i fortid og notid, og om kor og korleis denne forma for religiøsitet kjem til uttrykk.
Ferdigheiter
Studentane meistrar relevante faglege omgrep og kan skrive ein lengre resonnerande tekst.
Generell kompetanse
Studentane kan arbeida sjølvstendig og kan kommunisera om faglege tema.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Instituttet rår til at ein har teke eksamen i KUVI 101, KUVI 102, samt to sjølvvalde kulturvitskapsemne før ein tek til på KUVI 254.
Fagleg overlapp
Undervisning og omfang
Undervisning blir gitt gjennom forelesingar, seminar og rettleiing.
Obligatoriske arbeidskrav
Det er obligatorisk rettleiing til bacheloroppgåva. Sjå Mi side for meir informasjon.
Pensumlista skal godkjennast av faglærar.
Vurderingsformer
Eksamen er ei skriftleg bacheloroppgåve med ein justerande munnleg eksamen. Bacheloroppgåva skal ha eit omfang på 5000 - 6000 ord. Framstillinga skal vera dokumentert med tilvisingar til litteratur og kjelder.
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Læremiddelomtale
Pensum er på 1200 - 1500 sider. Studenten leverer saman med bacheloroppgåva inn ei pensumliste der halvparten av litteraturen er henta frå pensumlista på KUVI204 og halvparten er sjølvvald. Lista skal vera godkjend av faglærar.
Undervisningssted
Bergen
Emneevaluering
Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.
Kontaktinformasjon
Studierettleiar@ahkr.uib.no