Hekseprosessene og den magiske verda, bacheloroppgåve
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Haust |
| Fagleg overlapp | KUVI107 |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Norsk
Krav til forkunnskapar
Ingen
Læringsutbyte
Kunnskapar
Ved fullført emne har studentane innsikt i viktige sider ved hekseprosessane og det magiske verdsbildet i tidleg nytid. Dei har òg kunnskap om dei store variasjonane i hekseforfølginga frå land til land og i ulike historiske periodar.
Ferdigheiter
Studentane har fått kunnskap om relevante problemstillingar og nyare forsking om hekseprosessane og den magiske verda i tidleg nytid. Studentane kan skriva ein lengre resonnerande tekst.
Generell kompetanse
Studentane kan drøfte problemstillingar frå feltet og kan formidle kunnskapen sin til eit breiare publikum.
Kontaktinformasjon
studierettleiar@ahkr.uib.no
Undervisningssemester
Haust
Eksamenssemester
Haust
Undervisningsspråk
Norsk
Studienivå
Bachelor
Institutt
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett ved UiB.
Mål og innhald
Læringsmål
Emnet tek sikte på å gi ei kulturvitskapleg innføring i viktige trekk ved dei norske og europeiske hekseprosessane i tidleg nytid (ca. 1500-1700) med utgangspunkt i aktørane sitt magiske verdsbilete. Det blir også lagt vekt på komparative perspektiv, der òg heksejakt i notida, til dømes i Afrika, får ein viss plass. Målet er å gi grunnleggjande kunnskap om årsakene til hekseprosessane. Emnet legg vekt på folketru, kriminalisering av magi og folkemedisin, kvinneundertrykking, ryktespreiing, kyrkjas og religionens rolle, makt og motmakt.
Fagleg innhald
Emnet rettar søkjelys mot dei store hekseprosessane i Noreg og Europa i tidleg nytid. Emnet vil både leggje vekt på konkrete analysar av einskilde prosessar og meir makrohistoriske og komparative perspektiv. Hekseprosessane vert analyserte i lys av spenningar og konfliktar mellom folkekultur og elitekultur, magiske element i folks kvardagspraksis og rolla til kyrkja og rettsapparatet. Teoretisk vil emnet basere seg på kulturhistoriske og folkloristiske perspektiv.
Læringsutbyte/resultat
Kunnskapar
Ved fullført emne har studentane innsikt i viktige sider ved hekseprosessane og det magiske verdsbildet i tidleg nytid. Dei har òg kunnskap om dei store variasjonane i hekseforfølginga frå land til land og i ulike historiske periodar.
Ferdigheiter
Studentane har fått kunnskap om relevante problemstillingar og nyare forsking om hekseprosessane og den magiske verda i tidleg nytid. Studentane kan skriva ein lengre resonnerande tekst.
Generell kompetanse
Studentane kan drøfte problemstillingar frå feltet og kan formidle kunnskapen sin til eit breiare publikum.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Instituttet rår til at ein har teke eksamen i KUVI 101, KUVI 102, samt to sjølvvalde kulturvitskapsemne før ein tek til på KUVI 257.
Fagleg overlapp
Undervisning og omfang
Undervisninga blir gitt i form av forelesingar, seminar og rettleiing.
Obligatoriske arbeidskrav
Det er obligatorisk rettleiing til bacheloroppgåva. Sjå Mi side for meir informasjon.
Pensumlista skal godkjennast av faglærar.
Vurderingsformer
Eksamen er ei skriftleg bacheloroppgåve med ein justerande munnleg eksamen. Bacheloroppgåva skal ha eit omfang på 5000 - 6000 ord. Framstillinga skal vera dokumentert med tilvisingar til litteratur og kjelder.
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Læremiddelomtale
Pensum er på 1200 - 1500 sider. Studenten leverer saman med bacheloroppgåva inn ei pensumliste der halvparten av litteraturen er henta frå pensumlista på KUVI107 og halvparten er sjølvvald. Lista skal vera godkjend av faglærar.
Undervisningssted
Bergen
Emneevaluering
Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.
Kontaktinformasjon
studierettleiar@ahkr.uib.no