Folkeleg kultur og populærkultur, bacheloroppgåve
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Haust |
| Fagleg overlapp | KUVI104 |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Norsk
Krav til forkunnskapar
Ingen
Læringsutbyte
Kunnskapar
Gjennom bacheloroppgåva har studentane fått innsikt i kva tyding forteljingar har i fortid og notid, kva tyding dei har i skaping og gjenskaping av kultur, og dei har fått innsikt i korleis folk sine daglegliv blir organisert og ritualisert i fortid og notid, gjennom tradisjonelle skikkar og moderne populærkultur.
Ferdigheiter
Studentane kan meistre relevante faglege omgrep og kan skrive ein lengre resonnerande tekst.
Generell kompetanse
Studentane kan arbeida sjølvstendig og kan kommunisera om faglege tema.
Kontaktinformasjon
Studierettleiar@ahkr.uib.no
Undervisningssemester
Haust
Eksamenssemester
Haust
Undervisningsspråk
Norsk
Studienivå
Bachelor
Institutt
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett ved UiB.
Mål og innhald
Læringsmål
Emnet skal gi innsikt i feltet folkekultur og populærkultur i fortid og notid, og spørsmål om kontinuitet og endring står sentralt. I emnet vert det drøfta korleis kategoriar frå folkekulturen får sine uttrykk i den moderne mediekulturen: frå gjenkjennelege former og retoriske grep, til forestillingar, haldningar og handlingar.
Fagleg innhald
Emnet tematiserer dagleglivet si organisering i skikkar og ritual og korleis den moderne populærkulturen blir brukt i organiseringa av folk sine kvardagsliv. Emnet vil òg fokusere på sentrale folkelege forteljesjangrar frå eventyr og segn til notida sine vandrehistorier, personlege forteljingar og medieforteljingar. Det blir lagt vekt på forholdet mellom kollektive uttrykksformer og individuelle ytringar.
Læringsutbyte/resultat
Kunnskapar
Gjennom bacheloroppgåva har studentane fått innsikt i kva tyding forteljingar har i fortid og notid, kva tyding dei har i skaping og gjenskaping av kultur, og dei har fått innsikt i korleis folk sine daglegliv blir organisert og ritualisert i fortid og notid, gjennom tradisjonelle skikkar og moderne populærkultur.
Ferdigheiter
Studentane kan meistre relevante faglege omgrep og kan skrive ein lengre resonnerande tekst.
Generell kompetanse
Studentane kan arbeida sjølvstendig og kan kommunisera om faglege tema.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Instituttet rår til at ein har teke eksamen i KUVI 101, KUVI 102, samt to sjølvvalde kulturvitskapsemne før ein tek til på KUVI 259.
Fagleg overlapp
Undervisning og omfang
Undervisning blir gitt gjennom forelesingar, seminar og rettleiing.
Obligatoriske arbeidskrav
Det er obligatorisk rettleiing til bacheloroppgåva. Sjå Mi side for meir informasjon.
Pensumlista skal godkjennast av faglærar.
Vurderingsformer
Eksamen er ei skriftleg bacheloroppgåve med ein justerande munnleg eksamen. Bacheloroppgåva skal ha eit omfang på 5000 - 6000 ord. Framstillinga skal vera dokumentert med tilvisingar til litteratur og kjelder.
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Læremiddelomtale
Instituttet utarbeider pensumliste. Pensum er på om lag 1200 sider.
Undervisningssted
Bergen
Emneevaluering
Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.
Kontaktinformasjon
Studierettleiar@ahkr.uib.no