Kulturvitskapens kulturhistorie

Fakta om studiet

EmnekodeKUVI303
Studiepoeng15
UndervisingssemesterVår
Undervisingsspråk
Norsk
Antall semester1
Ressursar
TilhørerInstitutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@ahkr.uib.no

Mål og innhald

Emnet er ei systematisk innføring i faghistorie der fokus vert retta mot etnologi, folkloristikk og nærliggande fagområde. Det vil bli lagt vekt på arbeid med originaltekstar som syner ulike interessefelt, perspektiv og teoriar som har prega kulturvitskapen. Arbeidet med originallitteraturen vil òg bli relatert til aktuelle problemstillingar i kulturvitskapen i dag.

Læringsutbyte/resultat

Kunnskapar: Ved fullført emne skal studenten ha innsikt i fagets historie og eigenart der folkloristikk, etnologi, og kulturformidling er viktige kunnskapsfelt.

Ferdigheiter: Studenten kan reflektere over teoriar, metodar og tolkingar i lys av fagspesifikke tema og perspektiv. Studenten kan og nytta ulike sjangrar som er aktuelle for kulturvitskapleg formidling.

Generell kompetanse: Studenten har oversyn og forståing over eige fagområde i eit historisk perspektiv og kan sjå aktuelle problemområde i eit kulturvitskapleg fagperspektiv.

Undervisningssemester

Vår.

Studienivå

Master

Institutt

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap

Krav til studierett

Emnet er opent for studentar som er tekne opp på masterprogrammet i kulturvitskap.

Krav til forkunnskapar

Ingen utover krav til opptak på masterprogrammet i kulturvitskap.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Fagleg overlapp

Ingen

Undervisning og omfang

Undervisning omfattar forelesningar og seminar.

Obligatoriske arbeidskrav

Ingen

Vurderingsformer

Eksamen er ein 7- dagars heimeeksamen med ein justerande munnleg eksamen. Heimeeksamenen skal vere på opptil 4000 ord.

Karakterskala

Gradert skala frå A til F og der F er stryk.

Læremiddelomtale

Pensum er på om lag 1200 - 1500 sider.

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.