Hjem
Click

Utdanning

Laveregradsstudier

Kjønnsteori

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeKVIK201
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Mål og innhald

KVIK201 Kjønnsteori har ein klar teoretisk profil, der grunnlagsproblem, teoretiske retningar og aktuelle spørsmål i kvinne- og kjønnsforskinga står sentralt. Emnet gir ei brei innføring i dei viktigaste teoretikarane og teoretiske retningar i den moderne kjønnsteorien frå og med Freud og frametter, med vekt på ulike tilnærmingar til spørsmålet ¿Kva er kjønn?¿ og på sentrale problemfelt i dagens kjønnsteori. Emnet gir og ein introduksjon til feministisk vitskapsteori.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

 Undervisninga vil bli gitt som førelesningar og seminar, normalt 2 dobbelttimar i veka over 12 veker.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunne gå opp til eksamen, må studenten levere inn ei øvingsoppgåve på ca 5 sider. Oppgåva blir vurdert internt som godkjend/ikkje godkjend.

Undervisningssemester

Haust

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor.

Undervisninga er også eit tilbod til mastergradsstudentar.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsstad

Bergen.

Læringsutbyte

Ein kandidat som har teke eksamen i KVIK201:

Kunnskapar

Studenten ..

¿ har detaljert kunnskap om dei viktigaste aktørane og dei sentrale problemstillingane innanfor kjønnsteorien og kan setje dei inn i eit historisk, globalt og kritisk perspektiv

¿har tileigna seg teoretiske begrep og forståingsmåtar som gjer det mogleg å reflektere kritisk over sentrale spørsmål i kjønnsteori

¿ har grunnleggjande innsikt i sentrale spørsmål i feministisk vitskapsteori

Ferdigheiter

Studenten ..

¿ kan diskutere forskjellar og likskapar mellom ulike teoretiske ståstader i kjønnsteorien

¿ kan reflektere kritisk over teoretiske problem som har med kjønn å gjere

¿kan nytte innsikter frå feministisk vitskapsteori til å reflektere kritisk i høve til andre faglege samanhengar og i høve til kunnskapsproduksjon generelt

Generell kompetanse

Studenten ..

¿ kan drøfte teoretiske problem på ein kritisk måte

¿ kan formulere seg skriftlig over et teoretisk problem

¿ kan drøfte relevansen av teori i høve til vitskaplege, kunnskapsrelaterte og samfunnsmessige utfordringar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Det er tilrådd med grunnleggjande kunnskapar i moderne samfunnsvitskapelig og/eller humanistisk teori, til dømes KVIK 101 eller andre teoretiske emne på 100-nivå.

Læremiddelomtale

Pensum er på om lag 1000 sider og er satt saman av eit utval sentrale kjønnsteoretiske tekstar, tekstar frå feministisk vitskapsteori, samt tekstar om sentrale grunnlagsproblem i kjønnsteorien.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

  • 6-timars skuleeksamen

Karakterskala

Karakterskala A-F.

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Senter for kvinne- og kjønnsforskingstudierettleiar@skok.uib.nostudierettleiar@skok.uib.no

studierettleiar@skok.uib.no