Litteratur, kjønn og kultur

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet tek sikte på å gje studenten evne til å lese og kritisk analysere litterære og litteraturteoretiske tekstar skrivne av forfattarar av begge kjønn, med vekt på kultur- og kjønnsproblematikk. Studenten får eit høve til å fordjupe seg i ei spesifikk problemstilling, knytt til pensumet. Det litterære teksttilfanget kan hentast frå anten ein nasjonallitterær tradisjon, ein periode, ein sjanger, eit forfattarskap eller ei litterær eller kulturell rørsle. Emnet vil fokusere på problemstillingar knytt til kjønn og kulturelle fenomen, og kan i nokre høve ha ein klar teoretisk profil.

Emnet er eit fagleg samarbeid mellom allmenn litteraturvitskap, nordisk og engelsk, og kan inngå i bachelorprogramma til alle desse fageiningane, så vel som i bachelorprogrammet for kjønnsstudiar. Kvar av dei tre fageiningane vil normalt få ansvar for emnet kvart tredje år, men emnet kan òg realiserast i form av eit tverrfagleg kurs, der lærarar frå litteraturvitskap, nordisk og engelsk samarbeider om undervisning og fagleg opplegg.

På dei fageiningane der emne på 200-nivå også vert tilbodne som emne på 300-nivå, vil KVIK203 kunne inngå som eitt av fordjupingsemna til mastergrad.

Tema for NOLI312 og KVIK203 våren 2024: "Det moderne gjennombruddet" (1870-90). Kjønn, seksualitet og identitet.

Læringsutbyte

Etter å ha studert dette emnet skal studentane kunne:

Kunnskapar:

- gjere greie for, diskutere og vurdere sentrale delar av den studerte faglitteraturen og det aktuelle tekstmaterialet ut frå eit kjønnsperspektiv

Ferdigheter:

- gjere greie for eit kjønna tolkingsmønster i ein fagtekst

- skape eigne fagtekstar om kjønnsproblematikk med grunnlag i adekvate omgrep og metodar

Generell kompetanse:

- analysere og problematisere tekstar frå et kjønnsperspektiv og greie ut om sambandet mellom litterære og litteraturteoretiske tekstar og kulturelle fenomen

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisninga er også eit tilbod til mastergradsstudentar.

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Ein rår til at studentane har fullført førstesemesterstudiet, og studentane bør ha fullført emne i språk/litteratur på 100-nivå.
Studiepoengsreduksjon
På grunn av fagleg overlapp blir studiepoenguttellinga for KVIK203 redusert med 10 studiepoeng om det blir kombinert med KVIK223.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Seminarundervisning.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Krav om godkjenning av pensumliste frå faglærar. Informasjon om innleveringsfristar står på Mitt UiB eller kan innhentast ved instituttet.

Obligatorisk aktivitet er gyldig i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

Ein 7-dagers heimeeksamen. Heimeeksamen kan leverast på engelsk eller på norsk, avhengig av dei reglane som gjeld på dei ulike faga.

Studentar som tek KVIK203 som del av ei spesialisering i nordisk (200-nivå) eller mastergrad i nordisk (300-nivå) må følgje nordisk sine krav til målform (loddtrekning). Ved alle skriftlege eksamenar ved nordisk blir rett og god språkføring vektlagd - dette kravet gjeld også KVIK203.

Karakterskala
Karakterskala A-F.
Vurderingssemester
Vår. Det er òg vurdering tidleg hausten 2023 for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske undervisningsaktivitetar. Frå og med våren 2024 vert eksamen berre tilbydd i undervisningssemesteret. For studentar med rett til vurdering vil det vere mogleg å ta ny eksamen i påfølgjande semester.
Litteraturliste
Pensum omfattar både litterære og teoretiske tekstar, men vil òg innehalde sekundærlitteratur. Omfanget av pensum vil normalt omfatte 6¿8 verk (eller ca. 1000 vekta sider), avhengig av vanskegrad. I dei tilfella der KVIK203 inngår som litterært emne på allmenn litteraturvitskap, vil pensum vere 6 litterære og 2 teoretiske verk, medan det vil vere 6 teoretiske verk og 2 litterære verk om studenten tar emnet som teoretisk emne. Pensumliste skal leverast innan fastsett dato og må godkjennast av faglærar. Litteraturlista vert publisert innan 1. desember for vårsemesteret.
Emneevaluering
Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant
Programansvarleg
Programstyret for kjønnsstudium
Emneansvarleg
KVIK203 er eit fagleg samarbeid mellom allmenn litteraturvitskap, nordisk og engelsk. Dei tre fagmiljøa bytter på å ha emneansvar.
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium og Institutt for framandsråk