Hjem
Click

Utdanning

Laveregradsstudier

Litteratur, kjønn, teori og analyse

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeKVIK204
  • Antall semester1
  • Språk

    Norsk.

    Kan undervisast i engelsk dersom det skulle være behov for det.

  • Ressursar

Mål og innhald

Emnet gir studenten fordjupande innsikt i forholdet mellom kjønnsteori og litteraturteori med vekt på litterær analyse. Gjennom studiet får studenten ein grundig forståing av eit avgrensa felt i allmenn litteraturvitskap. Fordjupingstema varierer, avhengig av undervisningskreftene som er tilgjengelege, og av aktuell forsking. Instituttet gir informasjon om kva tema som blir tilbydd i god tid før kvart semester.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga er felles med KVIK254.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mi Side. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Undervisningssemester

Annankvar vår. (Vårsemester i år med partal)

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisninga er også eit tilbod til mastergradsstudentar.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsstad

Bergen

Læringsutbyte

Kunnskapar

Studenten har

  • grundige kunnskapar om eit forholdet mellom kjønnsteori og litteraturvitskap

 

Ferdigheiter

Studenten kan

  • vise sjølvstendig evne til å utvikle, avgrense og formulere fruktbare problemstillingar innanfor kjønnsteoretisk litteraturvitskap
  • demonstrere ferdigheiter i å analysere litteraturvitskapleg kjønnsteori, posisjonere forskingslitteraturen teoretisk
  • evne å trekke eigne konklusjonar på grunnlag av dette formidla i skriftleg arbeid

Generell kompetanse

Studenten kan

    • aktualisere og problematisere litteraturvitskapleg kjønnsteori slik at den kan komme til nytte i ulike andre faglege samanhengar
    • demonstrere kompetanse i fagleg kommunikasjon

Krav til forkunnskapar

Ingen 

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Læremiddelomtale

Pensumet omfattar åtte verk fordelt på kjønnsteoretiske, litteraturteoretiske og skjønnlitterære tekstar. Av desse skal minst to vere av skjønnlitterær og seks være av teoretisk art Eit utval på 100 sider teori tel som eitt verk. Likeins tel eit utval på 25 sider lyrikk eller 150 sider kortprosa som eitt verk. I tillegg vil det bli lagt opp eit utval sekundærlitteratur i samband med dei skjønnlitterære tekstane. Dei skjønnlitterære tekstane vil være valt ut med tanke på å kaste lys over sentrale kjønnsteoretiske og litteraturteoretiske tradisjonar og/eller problemområde.

Instituttet gjer normalt framlegg til fullt spesifisert pensumliste. Det er høve til å skifte ut delar av pensumlitteraturen i samråd med faglærar. Studentar som gjer endringar i pensum må melde instituttet om dette på eige skjema med signatur frå emneansvarleg. Skjema og opplysningar om innleveringsfristar vert publiserte på Mi Side ved semesterstart.

Vurderingsformer

Studenten vel ei av følgjande to vurderingsformer:

  • 6 timars skuleeksamen

eller

  • prøveforelesing på om lag 30 minutt med tema oppgitt 7 dagar før prøveforelesinga

Ein vel vurderingsform når ein melder seg opp til emnet. Det er ikkje mogeleg å endre vurderingsform etter at oppmeldingsfristen har gått ut

Karakterskala

Karakterskala A-F

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet blir gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no