Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Første praksisperiode

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Praksisskular og på UiB.

Mål og innhald

Praksis inneber rettleia undervisning i skulen og er knytt til pedagogikk- og fagdidaktikkemne. Praksis inneber normalt både observasjon av undervisning, undervisning åleine og i samarbeid med medstudent(-ar), samt deltaking i andre skulerelevante aktivitetar. Studentane skal lære å planlegge og gjennomføre gode lærings- og undervisningsøkter og vurdere slike ut frå didaktiske og pedagogiske perspektiv.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

kunnskaper:
Studenten

  • Har kunnskap om vilkår for god læring og klasseleiing.
  • Har innsikt i kva faktorar som påverkar utøvinga av lærarrolla.

Ferdigheiter:
Studenten

  • kan planlegge undervisning - på kort og lang sikt - med eiga formulering av læringsmål, metodar i undervisninga og kunne vurdere dette ut frå didaktisk og pedagogisk innsikt.
  • kan kommunisere med elevane ut frå nivået deira generelt og fagleg og om læringa deira.

Generell kompetanse:
Studenten

  • kan ta omsyn til og vise respekt for integriteten til den enkelte elev.
  • kan samarbeide konstruktivt med rettleiarar, kollegaer og medstudentar om elevane si læring.
  • kan utvikle og betre eiga undervisning over tid på bakgrunn av kritisk refleksjon over eigne kunnskapar, eigne erfaringar og innspel frå kollegaer og rettleiarar.


Krav til studierett

Studenten må vere teken opp på 5-årig lektorutdanning.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

  • Undervisingspraksis i 49 dagar for studentar på MAMN-LÆRE
  • Undervisningspraksis i 28 dagar for studentar på MAHF-LÆNO og MAHF-LÆFR
  • Rettleiing
  • Deltaking i relevante aktivitetar på skulen og universitetet

Obligatorisk undervisningsaktivitet

100% obligatorisk deltaking.
Fylle ut praksislogg. Jamfør obligatoriske arbeidskrav i emneskildringa for LAPRA102.

Vurderingsformer

Praksis.

Undervegsvurderingar vert gjennomført av pedagogar/fagdidaktikarar frå Universitetet i Bergen i samband med praksisbesøk på skulane. Praksisskulane sender forslag til sluttvurdering etter at praksis er gjennomført. Sjå praksisreglement.

Karakterskala

Greidd/ikkje greidd.

Vurderingssemester

Haust

Emneevaluering

Emnet blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Det matematisk-naturvitskapelege fakultet

Det humanistiske fakultet

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet v/institutt for pedagogikk har det administrative ansvaret for emnet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Har du spørsmål? Kontakt administrasjonen på laerer@uib.no eller på studierettleiar.psyfa@uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslettet kan bli endret frem til 14 dager før eksamen. Sted for eksamen vil bli publisert 14 dager før.

  • Vurderingsordning: Praksis

    Trekkfrist
    02.09.2017