Andre praksisperiode

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet byggjer vidare på mål og innhald i LAPRA101. I LAPRA102 skal studentane også tileigne seg forståing av dei ytre rammevilkåra som gjeld for undervisninga i skulen. I tillegg skal studentane utvikle ei forståing av lærarprofesjonen og eit medvit rundt yrkesetiske problemstillingar.

Læringsutbyte

Studenten skal etter å ha fullført praksis ha følgjande samla læringsutbyte i form av kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse.

Kunnskapar:

Studenten

  • har kunnskap om overordna målsetningar og danningstenking for sine skulefag og for skulen som heilskap
  • har kunnskap om skulen sine sentrale og lokale styringsdokument, reglement og ordningar med relevans for undervisning, klasseleiing og samarbeid med andre i skulesamfunnet.

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan praktisere god klasseleiing, bidra til å skape eit godt læringsmiljø og arbeide med å fremje elevane sine læringsstrategiar.
  • kan bruke eit repertoar av arbeidsmåtar og teknikkar tilpassa faget sin eigenart og elevane sine føresetnader, og velje hjelpemiddel og læremiddel på ein innsiktsfull måte.
  • kan kommunisere med elevane ut frå nivået deira generelt og fagleg og om læringa deira.

Generell kompetanse:

Studenten

  • kan rettleie og vurdere skulearbeid ut frå fagleg, fagdidaktisk og pedagogisk innsikt, samt elevane sine utfordringar, faglege interesser, motivasjon, læringsstrategiar, arbeidsvanar og mål.
  • kan reflektere kritisk over yrkesetiske problemstillingar og vilkår for utvikling av skulen.
  • kan relatera eige disiplinfagleg utviklingsarbeid til profesjonsfagleg kunnskap og røynsler frå praksis.

Fulltid/deltid

Fulltid

Studiepoeng, omfang

Ingen

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Praksisskular og UiB
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Emnet har ikkje studiepoeng.
Krav til studierett
Studenten må vere teken opp på 5-årig lektorutdanning.
Arbeids- og undervisningsformer
  • Undervisingspraksis i 30 dagar for studentar på MAMN-LÆRE
  • Undervisningspraksis i 40 dagar for studentar på MAHF-LÆNO, MAHF-LÆFR og MAHF-LÆHR
  • Rettleiing
  • Deltaking i relevante aktivitetar på skulen og universitetet
  • Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • 100% obligatorisk deltaking. Sjå arbeids- og undervisningsformer, over.
  • Praksislogg skal vere utfylt med dokumentasjon på at minst 5 av loggaktivitetane er gjennomført i løpet av praksisperioden.
  • Obligatoriske arbeidskrav i LAPRA102 er berre gyldige i eit semester.

    Vurderingsformer
    Praksis. Undervegsvurderingar vert gjennomført av pedagogar/fagdidaktikarar frå Universitetet i Bergen i samband med praksisbesøk på skulane. Praksisskulane sender forslag til sluttvurdering etter at praksis er gjennomført. Sjå praksisreglement.
    Karakterskala
    Greidd/ikkje greidd.
    Vurderingssemester
    Vår
    Litteraturliste
    Emnet har ikkje litteraturliste
    Emneevaluering
    Emnet blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.
    Hjelpemiddel til eksamen
    Ikkje aktuelt
    Programansvarleg

    Det matematisk-naturvitskapelege fakultet

    Det humanistiske fakultet

    Emneansvarleg

    Institutt for pedagogikk ved Det psykologiske fakultet.

    Programrådet for lektorutdanning er emneansvarlig for LAPRA102.

    Administrativt ansvarleg
    Studieseksjonen ved Det psykologiske fakultet.