Latin: Romersk poesi 2

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet omfattar studium av eit utval latinske poetiske tekstar. Aeneiden av Vergil og odediktinga til Horats må vera representerte mellom desse. Dessutan skal heile Aeneiden studerast i omsetjing. Det vert òg gjeve innføring i metrikk og i gresk og romersk litteraturhistorie med særskild vekt på tekstane som vert gjennomgådde. Studentane skal i tillegg få eit kulturhistorisk oversyn over den augusteiske perioden.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten har

  • auka kjennskap til språk, stil og tematikk i det som særmerker romersk poesi
  • auka kjennskap til romersk litteraturhistorie med vekt på poesi i den augusteiske epoke

Ferdigheiter

Kandidaten kan

  • lese romersk poesi på eiga hand med bruk av ordbok
  • identifisere former og analysere setningar på latin ved hjelp av grammatikk.
  • identifisere og analysere latinsk metrikk ut frå forfattarar på pensum
  • gjere greie for viktige romerske poetar og romersk mytologi

Generell kompetanse

Kandidaten kan

  • setje seg inn i den grammatiske strukturen i eit nytt språk
  • arbeide med tekstar på andre språk ved hjelp av grammatikk, ordbok, tekstkommentar o.l.

Fulltid/deltid

Fulltid

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Undervisninga blir normalt gitt i haustsemesteret.

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Minimum eitt av emna: LAT100, LAT102, LAT104, LAT105, LAT107.
Tilrådde forkunnskapar
Avlagt eksamen i minst 3 av latinemna på 100-nivå.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gitt i form av førelesingar over delar av pensumtekstane og andre moment i pensum.

26 timar (en dobbelttime i veka).

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen.
Vurderingsformer

Eksamen består av ei skriftleg prøve på 6 timar, med omsetjing og litterær interpretasjon av valde delar av pensumtekstane (med ordbok), og spørsmål om metrikk og andre delar av pensum.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Karakterskala A-F.
Vurderingssemester
Haust. Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.
Litteraturliste
Pensum er til saman på omlag 75 sider romersk poesi (30 liner = 1 side) lesne i kommenterte utgåver. Dessutan inngår framstellingar av romersk litteratur- og kulturhistorie med vekt på den augusteiske perioden.
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ordbok. Ordboka skal vere frå latin til morsmål eller frå latin til anna valfritt språk og skal ikkje innehalde bøyingsmønster: Johanssen, Nygaard etc., Latinsk ordbok eller ordbok av tilsvarande storleik.
Programansvarleg
Programstyret for klassisk
Emneansvarleg
Fagmiljøet i klassiske fag
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium