Syntaks

Fakta om studiet

EmnekodeLING111
Studiepoeng10
UndervisingssemesterVår
Undervisingsspråk
Norsk
Antall semester1
Ressursar
TilhørerInstitutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no

Mål og innhald

Syntaks er studiet av setningsstruktur. Kurset tek utgangspunkt i moderne syntaktisk teori. Det gjev ei innføring i syntaktiske strukturar og i lingvistisk argumentasjon og tek føre seg grunnleggjande fenomen innan grammatikk. Særleg tek ein føre seg trekkbaserte grammatikkar.

Læringsutbyte/resultat

Studenten skal bli i stand til å bruke lingvistisk argumentasjon i samband med syntaktiske fenomen, gjere greie for viktige utgangspunkt og metodar innan syntaktisk teori, beskrive og nytte viktige omgrep innan syntaks, og vurdere og samanlikne strukturelle beskrivingar av setningar

Undervisningssemester

Vår

Studienivå

Bachelor

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Det blir tilrådd at studenten har avlagt Ex.fac.-varianten Språk og kommunikasjon eller tilsvarande for å ta lingvistiske emne. Det er også ein føremon dersom studentane har teke eit språkfag på førehand. Sidan pensum omfattar ein del framandspråkleg litteratur, spesielt på engelsk, blir lesedugleik i engelsk tilrådd.

Undervisning og omfang

Førelesingar. Dersom det er praktisk mogleg, blir det også tilbode øvingar på datamaskin.

Om lag 3 timar pr. veke.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mi Side. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatoriske arbeidskrav

Studenten skal levere inn ei pensumliste til godkjenning.

Vurderingsformer

Sluttvurdering i form av ei skriftleg prøve på fire timar.

Karakterskala

Karakterskala A-F.

Læremiddelomtale

Pensum omfattar litteratur som gjev ei grundig innføring i syntaktisk teori. Ein kan få pensumlistene på nettsidene til instituttet eller ved å vende seg til instituttet.

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.