Semantikk

Fakta om studiet

EmnekodeLING116
Studiepoeng10
UndervisingssemesterHøst
Antall semester1
Undervisingsspråk
Norsk
Ressursar
TilhørerInstitutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no

Mål og innhald

Kurset omfattar grunnleggjande semantiske emne som t.d. ord- og setningsmeining, referanse, innhald og denotasjon, leksikalske semantiske relasjonar, komposisjonalitet, semantiske roller, deiksis, logisk følgje, presupposisjon og implikatur, m.m. Vidare blir det gjeve ei innføring i modellteoretisk semantikk (ein logisk teori som søkjer å gjere greie for setningsmeining gjennom å relatere setningar til modellar av verda) og tilhøvet mellom semantikk og syntaks.

Læringsutbyte/resultat

Studenten skal bli i stand til å beskrive og nytte grunnleggjande omgrep og metodar innanfor lingvistisk semantikk. Emnet er nyttig for studentar som skal arbeide vidare med semantiske emne innanfor eit språkstudium eller innanfor lingvistikk eller datalingvistikk.

Undervisningssemester

Haust

Studienivå

Bachelor

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Det blir tilrådd at studenten har avlagt Ex.fac.-varianten Språk og kommunikasjon eller tilsvarande for å ta lingvistiske emne. Det er også ein føremon dersom studentane har teke eit språkfag på førehand. Sidan pensum omfattar ein del framandspråkleg litteratur, spesielt på engelsk, blir lesedugleik i engelsk tilrådd.

Undervisning og omfang

Undervisninga er basert på førelesingar.

Om lag 2 timar pr. veke.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mi Side. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatoriske arbeidskrav

Rettleiing i samband med skriving av semesteroppgåva er obligatorisk, og skal minst ha omfang av eitt rettleiingsmøte der rettleiar har fått lese utkast til oppgåva.

Vurderingsformer

Eksamen har form av ei rettleidd semesteroppgåve (om lag 2000-3000 ord) over oppgjeve emne, etterfølgd av munnleg eksaminasjon. Den munnlege prøva er justerande i høve til karakteren på semesteroppgåva, og kan justere med éin karakter.

Karakterskala

Karakterskala A-F.

Læremiddelomtale

Pensum er på om lag 300-350 sider.

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.