Hjem
Click

Utdanning

Mastergradsstudier

Lingvistikk: Moderne grammatisk og semantisk teori

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeLING305
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk, Engelsk ved behov.
  • Ressursar

Mål og innhald

I denne emnekrinsen studerer ein nyare sentrale arbeid innanfor syntaktisk og semantisk teori, til dømes Leksikalsk-funksjonell grammatikk (LFG), Head-driven phrase structure grammar (HPSG), Prinsipp- og parameterteori, kognitiv grammatikk, diskursrepresentasjonsteori (DRT), nyare retningar innanfor leksikalsk semantikk, eller andre aktuelle rammeverk.

Fagleg overlapp

 

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar og seminar.

Om lag 3 timar pr. veke.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Rettleiing i samband med semesteroppgåva skal minst ha eit omfang på eitt rettleiingsmøte der rettleiar har fått lese utkast til oppgåva.

Undervisningssemester

Haust uregelmessig

Studienivå (studiesyklus)

Master

Krav til studierett

Krav om gyldig studierett på masterprogrammet i lingvistikk ved UiB.

Undervisningsstad

Bergen

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten kan...

  • gjere greie for nyare vitskaplege arbeid innanfor den aktuelle lingvistiske disiplinen
  • omskrive viktige omgrep og utgangspunkt innan syntaktisk og semantisk teori

Ferdigheiter

Kandidaten kan...

  • vurdere og samanlikne ulike lingvistiske beskrivingar
  • nytte metodar og omgrepsapparatet i eiga forsking

Generell kompetanse

Kandidaten kan...

  • bruke lingvistisk argumentasjon i samband med syntaktiske eller semantiske fenomen
  • ha eit kritisk blikk på eigne og andre sine analysar
  • diskutere ulike tilnærmingar med andre
  • ha eit kritisk blikk på ein eller fleire arbeider og uttrykke seg skriftleg om dette

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

 

Læremiddelomtale

Det blir lagt opp eit artikkelpensum på om lag 500 sider.

Vurderingsformer

Rettleidd semesteroppgåve på om lag 5000 ord med emne etter avtale med faglærar, med karaktervurdering.

Karakterskala

Karakterskala A-F.

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Institutt

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier  

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no