Metodeemne for språklege mastergradar

Fakta om studiet

EmnekodeLINGMET
Studiepoeng15
UndervisingssemesterVår
Antall semester1
Undervisingsspråk
Engelsk dersom det er naudsynt, elles norsk.
Ressursar
TilhørerInstitutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no

Mål og innhald

Emnet tek opp til drøfting ulike vitskapsteoretiske synsmåtar som har vore fremma om språkforsking, og gjev ei innføring i innsamling, oppbygging og bruk av tekstkorpora. Varierande frå semester til semester kan også andre metodeemne bli tekne opp, til dømes feltmetodar og arbeid med informantar; utarbeiding og bruk av spørjeskjema; statistiske metodar relevante for handsaming av korpusdata og informantdata.

Læringsutbyte/resultat

Studentane skal få eit godt vitskapsteoretisk og metodisk grunnlag for arbeidet med mastergradsoppgåva, og erfaring med å diskutere felles metodespørsmål på tvers av dei ulike språkfaga.

Undervisningssemester

Vår

Studienivå

Master

Studienivå

Master

Krav til studierett

Krav om gyldig studierett på masterprogrammet i lingvistikk, masterprogrammet i datalingvistikk og språkteknologi eller eit av masterprogramma i språk ved UiB.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ein bachelorgrad med språkleg spesialisering gjev det mest høvelege startgrunnlaget.

Fagleg overlapp

For studentar som har teke det eldre emnet LING301 Vitskapsteori for lingvistiske fag blir det ein studiepoengreduksjon på 5 stp. til 10 stp.

Undervisning og omfang

Førelesingar, seminar og praktiske øvingar. Normalt vil lærarar frå ulike språkfag vere ansvarlege for undervisninga.

Om lag 2 timar pr. veke.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mi Side. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatoriske arbeidskrav

For å få gå opp til eksamen må studenten ha levert to obligatoriske oppgåver i løpet av kurset.

Individuell pensumliste må leverast.

Vurderingsformer

Eksamensforma er semesteroppgåve med bokstavkarakter. Omfanget skal vere 3000-4000 ord.

Karakterskala

Karakterskala A-F.

Læremiddelomtale

Pensum kan vere samansett av om lag 2/3 fellespensum og 1/3 pensum valt i samråd med studenten sitt eige institutt og i tilknyting til det språket studenten studerer. Pensum omfattar bidrag til språkvitskapens vitskapsteori, innføringar i språkvitskapleg metode og illustrerande artiklar.

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.