Gå til innhold
English A A A
Emne LITTITAL200

Eldre italiensk litteratur (norsk)

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 15
Undervisningssemester Det blir undervist i LITTITAL200 i vårsemesteret.
Timeplan Se timeplan
Pensumliste Se pensumliste

Undervisningssemester

Det blir undervist i LITTITAL200 i vårsemesteret.

Læringsmål

LITTITAL200 er ein variant av ITAL202 for ikkje-italienskkyndige. LITTITAL200 skal formidle ei djupare og vidare forståing av eldre italiensk litteratur.

Fagleg innhald

LITTITAL200 omfattar studiar av sentrale tekstar i eldre italiensk litteratur i omsetjing. Pensum inneheld sentrale tekstar frå 1300-tallet og 1500-tallet, og femnar ulike litterære sjangrar. Tekstane skal studerast i eit litteraturhistorisk og teoretisk perspektiv.
LITTITAL200 kan ikkje gå inn i ei spesialisering i italiensk.

Undervisningsmetodar

Undervisninga i LITTITAL200 går føre seg på norsk og blir organisert som førelesingar og seminar. Ein del av undervisninga skal være sams med studentane på ITAL202, slik at studentane vil få eit innsyn i den italienske originalteksten.

Evaluering

LITTITAL200 blir evaluert og eventuelt justert med jamne mellomrom.

Vurdering / eksamensformer

LITTITAL200 har todelt eksamen:
1) ei rettleidd semesteroppgåve på ca.12-15 maskinskrivne sider (ca. 3500-5000 ord) skriven på norsk.
2) ei munnleg prøve der problemkrinsen for samtalen kan hentast frå heile pensumet i emnet.
Når den endelege karakteren skal fastsetjast, tel semesteroppgåva 60 prosent og den munnlege prøva 40 prosent. Kandidatar som får karakteren F på semesteroppgåva, får ikkje gå opp til munnleg prøve. Kandidatar som får F på den munnlege prøva, får F som endeleg karakter for emnet.