Hjem

Utdanning

Masteremne

Innføring i logopedi

Undervisningssemester

Haust (første gong hausten 2013)

Mål og innhald

Målsettinga for kurset er at studenten skal tileigne seg kunnskap om grunnlaget for normal språkfunksjon.

Kurset vil gi teoretisk og omgrepsmessig grunnlag for fordjupingsstudiar i logopedi.

Kurset gir ei utdjupande innføring i sentrale omgrep innan anatomi og fysiologi, nevrologi, nevropsykologi, lingvistikk, fonetikk og sjukdomslære som er relevant for logopedisk yrkesutøving. I tillegg skal studenten få ei generell forståing for logopedifaget sin eigenart, profesjonelle og etiske utfordringar, samt korleis kunnskap frå støttedisiplinane byggjer opp under logopedisk yrkesutøving.

Studentane skal etter at kurset er gjennomført ha gode kunnskapar innanfor faget sine støttedisiplinar, og skal kunne vurdere kva tyding desse kunnskapane har for forståing og analyse av menneskeleg kommunikasjon. Studentane skal også kunne gjere greie for sentrale områder for logopedisk yrkesutøving.

Studentane skal vidare forstå og kunne bruke prinsippa for evidensbasert praksis, samt ha gode ferdigheiter i ulike former for fagleg formidling.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten:

 Kunnskapar

- ha grunnleggande kunnskapar om språkets oppbygging og funksjon (fonetikk, fonologi, morfologi, syntaks, semantikk og pragmatikk)

- kunne forklare sentrale teoriar og modellar knytte til språkprosessering og språkutvikling, og gjere greie for dei viktigaste milestolpane i typisk språkutvikling

- ha grunnleggjande kunnskap om anatomi og fysiologi i øre, nase, munnhole, svelg og bryst, samt kjennskap til dei vanlegaste sjukdommane som kan svekke funksjonen i desse organa

- kunne gjere greie for høyrselsapparatets og vokaliseringsapparatets normalfunksjon i ein logopedisk samanheng

- kunne gjere greie for kva høyrselsnedsetting har å seie for språkutvikling og kommunikasjon, og kjenne til ulike høyrehjelpemiddel, spesielt cochlea-implantat

- kjenne hovudtrekka i nervesystemet sin oppbygging og funksjon, inkludert lokaliseringa av sentrale funksjonar og nettverk i hjernen.

- kjenne til undersøkingsmetodar for utreiing av sjukdommar og skadar i sentralnervesystemet

- kjenne til generelle og spesifikke nevropsykologiske vanskar som kan ha konsekvensar for det logopediske arbeidet

- kunne gjere greie for sentrale prinsipp for evidenbasert praksis i logopedi

- kjenne til ulike metodar for studiar av språk, som for eksempel åtferdsregistrering og fysiologiske metodar

- kunne skildre korleis strukturelle endringar, sjukdommar og skadar kan verke inn på språk-, tale- og kommunikasjonsmuligheiter

- kjenne til relevante yrkesetiske prinsipp

 Ferdigheiter

- kunne bruke det internasjonale fonetiske alfabetet (IPA) for å transkribere normaltale

- kunne formidle fagstoff i samsvar med etablerte retningslinjer for forskingsformidling, som hovudregel APA-retningslinjene (siste utgåve)

- kunne anvende reglar for god kjeldebruk

- kunne bruke prinsippa for evidensbasert praksis, og systematisk vurdere vitskaplege arbeid

 Generell kompetanse

- kunne gjere greie for logopedifaget sin eigenart og historie

- kjenne til ulike arbeidsmodellar som er relevante for logopedisk arbeid

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Rundt 50 timar forelesingar. I tillegg kjem seminar og gruppearbeid i eit omfang av om lag 40 timar

Studenten må vente å lese om lag 700-1000 sider litteratur.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Deltaking på obligatoriske grupper/seminar
  • To skriftlege innleveringar:
    1. Oppgåve i fonetisk transkripsjon (normaltale)
    2. Oppgåve om evidensbasert praksis med øving i APA-standarden


Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen.

Vurderingsformer

Fire timar skuleeksamen

To obligatoriske innleveringar

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått.

Vurderingssemester

Haust (første gong hausten 2013)

Litteraturliste

Tilrådd litteratur

Emneevaluering

Studentane skal evaluere emnet i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Det psykologiske fakultet, Institutt for biologisk og medisinsk psykologi

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslettet kan bli endret frem til 14 dager før eksamen. Sted for eksamen vil bli publisert 14 dager før.

  • Vurderingsordning: Skuleeksamen

    Dato
    07.12.2017, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    23.11.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    Sted