Språkutvikling og medfødte og tidleg diagnostiserte kommunikasjonsforstyrringar
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 5 |
| Undervisningssemester | Vår |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsspråk
Norsk
Læringsmål
Studenten skal ha teoretisk kunnskap om og kunne diagnostisere dei ulike språk- og talevanskane som; spesifikk artikulasjonsforstyrring, ekspressiv språkforstyrring og impressiv språkforstyrring.
Studenten skal og kunne planleggje og gjennomføre behandlingsopplegg med born med dei ulike språk/talevanskane, samt gje råd til pårørande og fagpersonar. Studenten skal ha kunnskap om og kunne differensialdiagnostisere språk/talevanskar og autisme, ulike syndrom, høyrselsvanskar, taleflytvanskar, stemmevanskar, svelgevanskar, lese- og skrivevanskar.
Fagleg innhald
Studenten skal kunne:
- Drøfte ulike teoriar om barn si utvikling, særskild utvikling av kognisjon og språk.
- Teoriar om språkutvikling, slik som fonologiske/fonetiske komponentar, semantikk, syntaks og pragmatikk.
- Korleis språk vert utvikla og stimulert i ein sosial kontekst med vekt på kommunikasjon og samspel, miljøet sin påverknad, tospråklegheit og effekt av deprivasjon.
- Kriterium for diagnostisering av språk/talevanskar, slik som spesifikke språkvanskar (SLI), samt differensialdiagnostiske kriterium for å skilje autisme, ulike syndrom, høyrselsvanskar, taleflytvanskar, stemmevanskar, svelgvanskar, lese- skrivevanskar.
- Ulike former for handikap og kommunikasjonsutvikling, slik som språk/talevanskar, høyrsel, åtferd, autisme og andre syndrom, psykisk utviklingshemming.
- Vurdering (utgreiing/testing) av og iverksetting av tiltak for barn med språkvanskar.
Studenten skal og vise kjennskap til:
- Alternative kommunikasjonsmiddel
- Bruk av lover og retningslinjer når det gjeld rettar ved språk- og talevanskar og kommunikasjonsforstyrringar.
Læremiddelomtale
Studentane må rekne med å lese omlag 500 sider anbefalt litteratur for å tileigne seg tilstrekkeleg fordjuping i faget.
Undervisningsmetodar
Undervisinga vil bli gitt i form av innføringsførelesingar som vert følgd opp av fordjupingseminar/kollokvier for å støtte under tileigning av stoffet. Skriftlege oppgåver vil bli gitt i tilknyting til ulike delar av kurset og innleverte oppgåver vil danne grunnlag for kursgodkjenning. Studenten skal følgje opp rettleia praksisundervising i bruk av sentrale kartleggingsinstrument for utgreiing av språk- og talevanskar hos born
Obligatoriske aktivitetar (særskilde krav)
Deltaking i undervisninga.
Evaluering
Studentane skal evaluere undervisinga i tråd med Det psykologiske fakultet sin prosedyre for undervisingsevaluering. Evaluering av undervisingen skal skje minimum kvart 3. semester.
Vurdering / eksamensformer
Skriftleg oppgåve.
Det vert nytta gradert karakterskala (A-F).
Fagleg ansvarleg
Avdeling for biologisk og medisinsk psykologi