Stemme og stemmevanskar og dysfagi
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 5 |
| Undervisningssemester | Vår |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsspråk
Norsk
Læringsmål
Studenten skal kunne:
- Stemmeapparatet sin anatomi, normale funksjon og avvik av organisk, nevrologisk og funksjonell art, samt fonasteni og aldersrelaterte stemmeendringar
- Artikulatorisk fonetikk
- Måletmetodar og analysemetodar for vurdering av stemme, medrekna akustikk og stemmeanalyse samt stroboskopiundersøking av larynx
- Modellar for behandling av stemmevanskar, medrekna indirekte behandling, førebyggjing, og behandling av stemmevanskar hos born
- Dysfagi, medrekna normal tygge-/svelgjefunksjon, diagnostiske kriteriar for dysfagi sjukdommar og skadar som gir dysfagi, samt hjelpetiltak
Studenten skal vidare kunne drøfte:
- Stemmevanskar og yrke
- Stemmevanskar og sang
- Implikasjonar av laryngectomi og andre strukturelle endringar
- Indikasjoner for kirurgi og konsekvensar
- Behandling av talevanskar, i form av hjelpemidler og tiltak
- Remedierende teknikkar, slik som kompensatoriske artikulasjonsteknikkar, og behandlingsplanlegging
- Rettleiing og konsultasjon som arbeidsmodellar ved stemmebehandling
Fagleg innhald
Studentane skal vere skikka til å diagnostisere, behandle og rådgje barn og vaksne med stemmevanskar og dysfagi av ulik grad og art. Likeins skal dei ha kjennskap til førebyggjing av slike vanskar og ulike former for kirurgisk og medisinsk behandling.
Emnet vil også innehalde ein komponent av lyttetrening og eigenstemmetrening av ein kvalitet og eit omfang som gjer dei skikka til å utføre stemmeterapi og kan eit utval av stemmeøvingar som passer til ulike stemmevanskar.
Læremiddelomtale
Studentane må rekne med å lese omlag 500 sider litteratur for å tileigne seg tilstrekkeleg fordjuping i faget.
Undervisningsmetodar
Undervisninga blir gitt i form av innføringsførelesingar som følgjast opp med fordjupingsseminar/kollokviar for å støtta tileigning av stoffet. Skriftlege oppgåver vil bli gitt i tilknyting til ulike delar av kurset, og innleverte oppgåver vil danne grunnlag for kursgodkjenning. Studenten skal følgje rettleia praksisundervisning i bruk av sentrale kartleggjingsinstrument for utgreiing av nevrologiske språkvanskar og stemmevanskar.
Obligatoriske aktivitetar (særskilde krav)
Deltaking i undervisninga.
Evaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med Det psykologiske fakultet sin prosedyre for undervisningsevaluering. Evaluering av undervisninga skal skje minimum kvart 3. semester.
Vurdering / eksamensformer
Skriftlig oppgave.
Det benyttes gradert karakterskala (A-F).
Fagleg ansvarleg
Avdeling for biologisk og medisinsk psykologi