Hjem

Utdanning

Masteremne

Logopediske særemne

Undervisningssemester

Vår (første gong våren 2014)

Mål og innhald

Emnet gir ei fordjuping i dei sentrale vanskane innan det logopediske fagfeltet. Studenten skal gjennom emnet skaffe seg det teoretiske grunnlaget og ferdigheitene som skal til for å kartlegge, behandle og gje råd til born og vaksne med ulike typar språk-, tale-, stemme- og svelgjevanskar.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten:

Kunnskapar

- kunne gjere greie for sentrale teoriar og modellar, årsaker, kartlegging, rådgjeving og behandling av følgjande vanskar:

- Utviklingsmessige språkvanskar

- Erverva språkvanskar

- Lese- og skrivevanskar

- Stemmevanskar

- Taleflytvanskar

- Uttalevanskar

- Svelgjevanskar

- ha grunnleggjande kunnskap om:

- psykogene tilleggsvanskar knytt til tilstandane over

- komorbiditet med andre vanskar og sjukdommar

- kommunikasjonsvanskar hos personar med fleirspråkleg eller fleirkulturell bakgrunn

- språkutvikling hos born med høyrselstap og cochlea-implantat

Ferdigheiter

- kunne transkribere avvikande tale

- kunne kartleggje utviklingsmessige og erverva språkvanskar, lese- og skrivevanskar, stemmevanskar, taleflytvanskar, uttalevanskar og svelgjevanskar med etablerte metodar, og tolke resultata av denne kartlegginga

- kunne gjennomføre passande behandling av desse vanskane og setje i verk andre naudsynte tiltak

- utforme testrapportar

- grunngje og forklare testar og behandlingsopplegg for klientar, pårørande og andre fagpersonar

- kjenne til sentrale testar for kartlegging av ulike språk- og talevanskar

- meistre sentral fagterminologi

- meistre både utføring av og rettleiing i relevante praktiske øvingar til bruk i behandlinga av ulike stemmevanskar.

Generell kompetanse

- kunne vurdere ny kunnskap og nye behandlingsmetodar for språk-, tale- og svelgjevanskar for å halde ved like evidensbasert praksis

- kunne analysere relevante yrkesetiske problemstillingar

- kjenne til arbeidsfordelinga mellom logopedar og andre fagpersonar

Krav til forkunnskapar

LOGO310 Innføring i logopedi, eller tilsvarande.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Rundt 64 timar forelesingar fordelt tilnærma likt på dei følgjande seks områda1) språkvanskar hos born, 2) lese- og skrivevanskar 3) språklydvanskar, 4) stemmevanskar, 5) taleflytvanskar, og 6 ) språkvanskar hos vaksne og svelgjevanskar. I tillegg kjem seminar og gruppearbeid, inkludert gjennomføring av praktiske testprosedyrar og stemmeøvingar, i eit omfang av om lag 95 timar.

Undervisning i praktiske øvingar til bruk i behandling av ulike stemmelidingar vil skje både individuelt og i grupper. Studenten må rekne med å bruke ein del tid utanom undervisninga til å øve opp eigne ferdigheiter. Studenten må vente å lese om lag 1200-1500 sider litteratur.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk oppmøte på stemmeøvingar.

Deltaking på obligatoriske grupper/seminar

Fem obligatoriske innleveringar:

- presentasjon og evaluering av ein sjølvvald logopedisk intervensjonsmetode

- fonetisk transkripsjonsoppgåve (avvikande tale)

- gruppeoppgåve med munnleg presentasjon

- testprotokoll med tolking av resultat

- refleksjonsnotat frå stemmeøvingar

- deltaking på obligatoriske grupper/seminar

Alle dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen.

Vurderingsformer

Heimeeksamen

Karakterskala

A - F

Vurderingssemester

Vår (første gong våren 2014)

Litteraturliste

Tilrådd litteratur

Emneevaluering

Studentane skal evaluere emnet i tråd med UiB sitt system for kvalitetssikring.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Det psykologiske fakultet, Institutt for biologisk og medisinsk psykologi

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Innleveringsfrist
    06.10.2017, 12:00
    Trekkfrist
    18.09.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen