Hjem

Utdanning

Masteremne

Masteroppgåve i logopedi

Undervisningssemester

Haust og vår (første gong våren 2014)

Mål og innhald

Masteroppgåva skal kvalifisere studenten til å gjennomføre eit sjølvstendig forskingsarbeid og formidle resultata av dette i ein form og med ein kvalitet som samsvarer med vanlege krav for vitskapeleg publisering av logopedisk forsking.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten:

Kunnskap

- kunne dokumentere avansert kunnskap innanfor logopedi generelt og spesialisert innsikt i et avgrensa område

- kunne dokumentere inngåande kunnskap om logopediens vitskapsteori og metodegrunnlag

Ferdigheiter

- kunne analysere eksisterande teoriar, metodar og fortolkingar innanfor logopedisk forsking

- kunne arbeide sjølvstendig med praktisk og teoretisk problemløysing

- kunne bruke relevante metodar for forsking og fagleg utviklingsarbeid på ein sjølvstendig måte

- kunne analysere og vurdere ulike informasjonskjelder og bruke desse til å formulere og strukturere faglege resonnement

- kunne gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer

- kunne vurdere kva som er den beste tilnærminga til val av metode og tolking av resultat i eit logopedisk forskingsprosjekt

Generell kompetanse

- vere i stand til å vurdere relevante forskingsetiske problemstillingar

- kunne bruke kunnskapane og ferdigheitene sine på nye område

- kunne formidle eit omfattande sjølvstendig arbeid

- beherske fagområdet sine uttrykksformer

- kunne kommunisere om problemstillingar, analyser og forskingsresultat innanfor logopedifaget

- kunne bidra til kunnskapsutvikling med betyding for logopedi

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Masteroppgåva i logopedi er normert til 30 studiepoeng som svarer til eitt semesters fulltidsarbeid. Studentane kan få inntil 20 timar rettleiing i arbeidet med masteroppgåva. Rettleiinga kan verte gitt individuelt, i grupper eller i form av seminar. Kandidaten må rekne med å lese om lag 1000 sider knytt til arbeidet med masteroppgåva.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Prosjektplan skal godkjennast av rettleiar innan slutten av 2. semester. Masteroppgåva har to deler: ei innleiing (kappe) og eit artikkelmanus. Vidare krav til masteroppgåva finst i dei utfyllande retningslinjene.

Vurderingsformer

Eksamen består av masteroppgåva og eit munnleg forsvar av denne. Ved fastsetjing av karakteren vil det bli nytta ein gradert karakterskala frå A til F. Etter at karakteren på masteroppgåva er fastsett, må studentane møte til munnleg forsvar der masteroppgåva vert diskutert. Det munnlege forsvaret justerer karakteren på masteroppgåva inntil éin karakter opp eller ned.

Karakterskala

A - F

Vurderingssemester

Haust og vår (første gong våren 2015)

Litteraturliste

Litteratur som er relevant for arbeidet med masteroppgåva.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Det psykologiske fakultet, Institutt for biologisk og medisinsk psykologi

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Masteroppgave med justerende muntlig prøve

    Innleveringsfrist
    15.11.2017, 12:00
    Trekkfrist
    01.11.2017
    • Eksamensdel: Munnleg prøve

    • Eksamensdel: Masteroppgåve

      Innleveringsfrist
      15.11.2017, 13:00