Hjem

Etter- og videreutdanning

Etter- og videreutdanning

Vidareutdanning i bruk av injeksjonar i muskelskjelettsystemet (etter- og vidareutdanning)

  • Studiepoeng5
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeMANTINJ663
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Beskrivelse

Injeksjonar til bruk ved diagnostikk og smertebehandling i muskelskjelettapparatet vil vere eit nyttig supplement for helsepersonell som har primærkontaktstatus.

Det blir forventa at deltakarane etter avslutta kurs med bestått eksamen skal kunne gje injeksjonar i muskelskjelettapparatet på sjølvstendig grunnlag. Vidare skal kursdeltakarane kunne:

  1. Gjennomføre klinisk undersøking som sikrar eit godt grunnlag for å påvise tilstandar som kan eigne seg for smertebehandling eller diagnostisk injeksjon.
  2. Identifisere anatomiske landemerker og strukturar naudsynte for korrekt og sikker injeksjon.
  3. Vere kjent med diagnostisk ultralyd som verkty for identifisering av anatomiske strukturar samt for ultralydrettleia injeksjon.
  4. Ha naudsynt kunnskap om relevant farmakologi, her under virkning/ bivirkningar/ dosering.
  5. Kjenne til naudprosedyrar og kunne utføre adekvat førstehjelp.

Målgruppe

Offentleg godkjent helsepersonell med primærkontaktstatus, som t.d. manuellterapeutar, kiropraktorar og legar.

Undervisning

Intensiv undervisning over ei veke i juni.

Undervisning i relevant farmakologi, herunder virkningar, bivirkningar og dosering. Hygieniske tiltak ved bruk av injeksjonar blir gjennomgått. Patologiske tilstandar som eignar seg for injeksjonsbehandling og strukturar som eignar seg for bruk av diagnostiske injeksjonar blir presentert. Demonstrasjon og trening på injeksjonar i dei viktigaste anatomiske strukturane eigna for ultralydrettleia injeksjonsbehandling på over- og underekstremitetar. Dette blir vist og gjennomført ved bruk av anatomiske ultralydframstillingar. Trening i førstehjelp og nødprosedyrar som er gjeldande ved bruk av lokalinjeksjonar.

Det blir sett av god tid til praktisk trening på ultralydrettleia injeksjonar. Deltakarane må delta som modellar for kvarandre.

NB: Dette kurset blir ikkje undervist i 2018. Eventuelle spørsmål kan rettast til Institutt for global helse og samfunnsmedisin, ved Jorunn Hvalby.

jorunn.hvalby@uib.no
55 58 89 57

Vurdering / eksamen

Vurderinga er todelt:

1) Praktisk: Kandidaten må gjennomføre og få godkjent 10 injeksjonar
2) Fleirvalstest: Det blir sett av 2 timar på slutten av kurset.

Eksamen blir vurdert til Bestått / Ikkje bestått. 60% eller meir korrekt besvarelse: Bestått.

Kontakt

Kontakt

For spørsmål om søknad og opptak:

UiB Videre
55 58 20 40
videre@uib.no

For spørsmål om fagleg innhald:

Institutt for global helse og samfunnsmedisin
v/ Jorunn Hvalby
55 58 89 57
jorunn.hvalby@uib.no

Tilgjengelege kurs

Ingen tilgjengelege kurs