Hjem

Utdanning

Masteremne

Perspektiv i psykologisk vitskap

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Målet er å gje studentane ei inngåande forståing for nokre av dei overgripande teoretiske perspektiva i psykologi, og korleis dei verkar på analysenivå og forståing. Nokre av perspektiva er biologisk/evolusjonært perspektiv, kognitivt perspektiv og sosialt/kulturelt perspektiv.

Emnet skal gje studentane ei nyansert forståing av korleis perspektiva er i) nedfelt i konkret psykologisk forsking i dag, ii) integrert med forklaringsnivå, og iii) har samfunnsrelevans.

Emnet har som mål å gje studentane inngåande kunnskap om psykologi som vitskap, gje eit kvalifisert oversyn over forskingsdisiplinar i faget og gje ei djup forståing for dei vitskapsteoretiske fundamenta for psykologifaget. Studentane skal samstundes bli kjende med den forskinga og dei forskingsgruppene som er knytt til masterstudiet.

Læringsutbyte

Kunnskap.

Studenten har...

  • inngåande kunnskap om sentrale perspektiv i psykologi.
  • spesialisert kunnskap om grunnlaget for hovudtilnærmingane til psykologien: biologi/evolusjon, kognisjon og omgjevnadar/kultur.
  • kunnskap om ulike analysenivå og korleis desse kan hengje saman.
  • kunnskap om korleis dei vitskapsteoretiske forutsetningane for psykologien påverkar forsking og praksis.
  • inngåande kunnskap om pågåande metodologiske og teoretiske diskusjonar i psykologifaget

Ferdigheitar

Studenten skal...

  • kunne identifisere kva for perspektiv og analysenivå som ligg til grunn for psykologiske tekstar og forskingsarbeid.
  • kunne drøfte likskapar og skilnader mellom psykologiske perspektiv.
  • kunne nytte ulike perspektiv for analyse av psykologiske problemstillingar.
  • kunne identifisere implikasjonar av psykologiske perspektiv for forsking og praksis.
  • kunne meistre akademisk skriving og kritisk lesing av forskinglitteratur.

Generell kompetanse.

Studenten skal...

  • kunne reflektere over kva som kjenneteiknar psykologi som vitskapleg disiplin og som praksisfelt.
  • kunne reflektere over relevansen ved ulike perspektiv og analysenivå i forsking og praksis.
  • kunne reflektere over dei ulike menneskesyna som kjem til uttrykk i ulike psykologiske perspektiv.

Krav til studierett

Oppmelding til emnet krev opptak ved masterprogrammet i psykologi.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

  • Førelesingar, totalt 18 timar.
  • Seminar med studentaktivitet, totalt 12 timar
  • Ei individuell oppgåve med individuell munnleg tilbakemelding frå faglærar
  • Ei gruppeoppgåve med munnleg tilbakemelding frå medstudentar under rettleiing av faglærar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Innlevering og godkjenning av 2 oppgåver. Vert godkjent av faglærar.

Vurderingsformer

Skuleeksamen (4 timar) Studenten skal svare på 2 av 3 oppgåver.

Karakterskala

A-F

Litteraturliste

Tilrådd litteratur utgjer utvalde originalartiklar og lærebøker av eit omfang på omtrent 1000 sider.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Institutt

Institutt for samfunnspsykologi

Kontakt

Kontaktinformasjon

For meir informasjon, ver god å ta kontakt med studierettleiar/informasjonssenter på tlf/e-post.

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Skuleeksamen

    Dato
    02.10.2017, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    18.09.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen