Hjem

Utdanning

Masteremne

Menneskelege faktorar i operative situasjonar

  • Studiepoeng7.5
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeMAPSYK312
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet ser på korleis forhold ved individ, lag og kontekst verkar på handsaming, samhandling og yteevne i kritiske situasjonar der liv, helse eller grunnleggjande verdiar er truga. I slike situasjoner står mykje på spel, situasjonen er uklar, kompleks og dynamisk, og individa, laget og organisasjonen som handsamer situasjonen kan ha ulik erfaring, trening og forventning til situasjonen. Emnet ser på førebuing til kritiske situasjoner, handsaming av kritiske situasjoner mens dei står på, og det å i etterkant forstå årsaka til ein kritisk situasjon og å følgje opp personal som har vært involvert i ein kritisk situasjon.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar

Studenten har...

  • inngåande kunnskap om korleis biologiske, kognitive, sosiale og organisatoriske fakotara verkar på menneskeleg åtferd i kritiske situasjonar.
  • inngåande kunnskap om risikoforståing, feilhandlingar, situasjonsmedvit, mentale modellar og avgjerder på verkar personell i kritiske situasjonar.
  • inngåande kunnskap om kommunikasjon og samhandling i operative team, medrekna situasjonsmedvit, mentale modellar og leiing av operative einingar.
  • kunnskap om korleis aspekt ved menneskelege faktorar og kritiske hendingar verkar inn på seleksjon, trening og oppfølging av personell etter hendingar.
  • kunnskap om korleis ein tenkjer om tryggleik, risiko, barrierar og svikt i samfunn og næringsliv.

Ferdigheiter

Studenten kan...

  • reflektere over og drøfte sentrale teoriar og modellar som kan forklare menneskeleg svikt og feilhandlingar i operative situasjonar.
  • analysere i kva grad eit planlagt eller eksisterande arbeidsmiljø, rolle eller situasjon tek omsyn til "menneskelege faktorar".
  • analysere korleise "menneskelege faktorar" innan individuell yteevne, samarbeid eller leiing kan ha bidrege til å forårsaka ei uønskt hending.
  • reflektere over og drøfte kva for utfordringar ein leiar står overfor under planlegging, gjennomføring og avslutning av operative innsatsar.
  •  anvende nokre av analysemetodane som er spesifikke for fagfeltet "menneskelege faktorar".

Generell kompetanse

Studenten kan...

  • identifisere og reflektere over kognitive og sosiale menneskelege faktorar og prosessar si tyding for sikkert arbeid og trygg handsaming av kritiske situasjonar og under operativ innsats.
  • identifisere og reflektere over psykologiske faktorar og prosessar si tyding for seleksjon og øving av operativt personell, samt under oprativ innsats.
  • identifisere kunnskapsbehov og utforme forskingsprosjekt innanfor fagfeltet "menneskelege faktorar".
  • fungere i ein arbeidsrolle innan "menneskelege faktorar" på ein måte som kombinerer kjennskap med dette fagfeltet med kunnskap og kompetanse frå generell psykologi.

Krav til studierett

Oppmelding til emnet krev opptak ved masterprogrammet.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga vil bli gjeven i form av førelesingar i klasserom og lærarstyrte seminar i eit omfang på 30 enkelttimar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Delta på bedriftsbesøk i Statoils beredskapssenter
  • Skrive gruppeoppgåve med ein fagleg gjennomgang av "menneskelige faktorar" som er relevante for beredskapssenteret. Tre studentar skriv saman. Vert godkjent av faglærar.
  • Gjennomføre presentasjon av gruppeoppgåve og delta på heile presentasjonsdagen

Vurderingsformer

5-dagars individuell heimeeksamen.

Karakterskala

A-F

Litteraturliste

Tilrådd litteratur, sjå nettsider under Mi Side.
Pensum og litteraturforslag er på ca. 500 sider.

Institutt

Institutt for samfunnspsykologi

Kontakt

Kontaktinformasjon

For meir informasjon, ver god å ta kontakt med studierettleiar/ informasjonssenter:

Tlf: 5558 2710

E-post: studieveileder.psyfa@uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Dato
    26.02.2018, 09:00
    Varigheit
    3 timer
    Oppgave utleveres
    26.02.2018, 09:00
    Innleveringsfrist
    02.03.2018, 15:00
    Trekkfrist
    12.02.2018
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen