Hjem

Utdanning

Masteremne

Turistopplevingas psykologi

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Servicenæringa, og særskilt turismen er ei av verdas største næringar, ein sterkt veksande industri både nasjonalt og globalt. Gjennom dei siste tiåra har det vakse fram mykje sosialvitskapleg litteratur om fenomenet turisme, medan den psykologiske studien av turisten framleis er i startgropa.

I dette emnet vil turismen bli brukt som døme på ein empirisk arena for å studere psykologiske teoriar. Emnet vil gje ei fordjuping av sosialpsykologiske og kognitive tilnærmingar til å forstå ulike turistar og ulike aspekt på turistopplevingar. Emnet vil difor fokusere på turistane sine sjølvoppfatningar, haldningar, motiv, tankar, kjensler (emosjonar) og avgjerder. Emnet vil også fokusere på deira risikovurderingar og uroer. Å ha kjennskap til desse temaa er svært viktig for turismenæringa for å tilretteleggje for bærekraftig utvikling av turistnæringa, men temaa gjev også inngang til å forstå generelle trekk av menneskeleg kognisjon og åtferd.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Etter fullført emne skal studenten ha kunnskapar om:

    • Kva ei turistoppleving er og korleis psykologiske teoriar kan kaste lys over fenomenet turistoppleving.
    • Korleis teoriar om sosial kognisjon kan bidra til forståing av åtferda og haldningane hos turistane.
    • Metodar som blir brukt for å måle og kartleggje turistar sine opplevingar og andre sosialkognitive fenomen.
    • Individuelle og sosiale faktorar som påverkar sjølvoppfatningar, haldningar og åtferd i turismen.

Dugleik:

  • Etter endt kurs skal studenten kunne reflektere over og drøfte perspektiv på turistopplevinga og vere i stand til å vurdere forskingsarbeid som er gjort på området.
  • Studenten skal kunne nytte sosialkognitive teoriar for å studere aktuelle problemstillingar i psykologisk turismeforsking.

 

Generell kompetanse:

  • Kunne reflektere over og drøfte psykologiske teoriar med sikte på å kunne bidra til større berekraft i turistnæringa.
  • Kunne identifisere og reflektere over psykologien sitt bidrag til turismeforskinga.

Krav til studierett

Oppmelding til emnet krev studierett ved masterprogrammet i psykologi.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

22 timar, fordelt på førelesingar og seminar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Eitt essay (maksimalt 10 sider) om oppgjeve tema innanfor emnet. Essayet må vere godkjent før studenten kan framstille seg til eksamen.

Vurderingsformer

Skuleeksamen, 3 timar. Det skal svaras på 2 av 3 oppgåver.

Karakterskala

A-F

Litteraturliste

Om lag 500 sider. Tilrådd litteratur, sjå nettsider under Mi Side.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Institutt

Institutt for samfunnspsykologi (ISP)

Kontakt

Kontaktinformasjon

For meir informasjon, ver god å ta kontakt med studierettleiar/ informasjonssenter:

Tlf: 5558 2710

E-post: studieveileder.psyfa@uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skuleeksamen

    Dato
    12.02.2018, 09:00
    Varigheit
    3 timer
    Trekkfrist
    29.01.2018
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    Sted