Hjem

Utdanning

Masteremne

Kognitiv nevrovitskap

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeMAPSYK319B
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk og/eller engelsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Emnet har som mål å gje kunnskap om samanhengen mellom kognitive prosessar og funksjonane i hjernen. Emnet skal formidle forståing for strukturane, funksjonane og dei forskjellige funksjonelle nettverka i hjernen, inklusive minne, språk, merksemd og persepsjon. I denne samanhengen blir aktuelle nevrovitskaplege metodar introduserte. Studentane får kunnskap om desse målingsteknikkane gjennom førelesingar, laboratorieøvingar og demonstrasjonar.

Studiet tar opp tema som

  • Kognitive funksjonar som visuell og auditorisk persepsjon, språk, hugseevne, eksekutivfunksjonar og merksemd
  • Nevroanatomiske lokaliseringar av funksjonelle nettverk
  • Introduksjon til nevrovitskaplege metodar
  • Demonstrasjon av funksjonell magnetresonanstomografi (fMRI).
  • Laboratorieøvingar i psykofysiologi med kurs i registrering og enkel analyse av elektroencefalogram (EEG) og event-related potentials (ERP)
  • Forstyrring av kognitive funksjonar ved psykopatologi.
  • Etiske krav ved forsking på menneskehjernen

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kan...

  • grunnleggjande metodiske tilnærmingar innan aktuelle nevrovitskaplege metodar som EEG/ERP, fMRI og PET
  • grunnleggjande aspekt ved kognitiv nevrovitskap som dekkar tilhøve mellom struktur og funksjon med tanke på hukommelse, eksekutivfunksjonar, merksemd, persepsjon og språk.
  • fortjela kvar desse funksjonane er lokalisert og korleis dei er lateraliserte.
  • forklara korleis ein hjerneskade eller psykiatrisk sjukdom kan forstyrre desse funksjonane.
  • grunnleggjande nevrovitskapelege modellar for språk hos friske personar, språkvanskar som stamming, dysleksi og nevrologisk baserte språkforstyrringar, som afasi

Ferdigheiter

Studenten har...

  • gjennomført og analysert enkle nevrovitskaplege eksperiment ved bruk av EEG.
  • vist lokaliseringa av sentrale hjernestrukturar ved bruk av elektronisk hjerneatlas
  • skildra og presentert eksperiment, resultat og konklusjonar i den forma som blir forventa i ein vitskapleg presentasjon eller artikkel.

 

Generell kompetanse

Studenten kan...

  • Reflektere over forskningsetiske aspekt ved forsking på menneskehjernen med omsyn til handsaming av forsøkspersonar, gjennomføring av eksperiment, samt etiske tilhøve ved publisering av resultat.

Krav til forkunnskapar

Kurs i biologisk psykologi tilsvarande Biologisk psykologi (5 stp) i PSYK 101 på årsstudiet i Bergen.

Krav til studierett

Oppmelding til emnet krev studierett ved masterprogrammet i psykologi. Emnet har eit avgrensa tal på plassar og har undervisningsopptak.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisning består av førelesningar og seminar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Eit refleksjonsnotat knytt til omvisingar/demonstrasjonar. Vert godkjent av lærar.
  • Ein prosjektoppgåve knytt til laboratorieøvingar. Vert godkjent av lærar.
  • Ei oppgåve om utvalde nevrobiologiske tema Vert godkjent av lærar
  • Presentasjon av oppgåve i seminar. Vert godkjent av lærar.

Dei obligatoriske arbeidskrava skal vurderast som godkjent/ikkje godkjent.

Vurderingsformer

Vurderinga består av digital skuleeksamen. Eksamen varer i 3 timar og blir gjennomført som essayoppgåve.

Karakterskala

A - F

Vurderingssemester

Haust

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Institutt for biologisk og medisinsk psykologi

Emneansvarleg

Institutt for biologisk og medisinsk psykologi

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Institutt

Institutt for bilologisk og medisinsk psykologi

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:Studierettleiar@psyfa.uib.no

Studierettleiar@psyfa.uib.no

Tlf 55 58 27 10

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skuleeksamen

    Trekkfrist
    22.01.2018
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    Sted