Hjem

Utdanning

Masteremne

Organisasjons- og leiarutvikling

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Med utgangspunkt i tonegjevande teoriar og metodar skal studentane oppnå forskingsbasert kompetanse i kva for faktorar som bør vektleggjast for å utvikle leiarar og organisasjonar. Føremålet er å gje studentane eit grunnlag for kritisk refleksjon kring relevante teoretiske perspektiv og modellar, empirien i fagfeltet, samt bruksretta metodar for leiar- og organisasjonsutvikling. I dette høvet vil det spesielt fokuserast på konsulentrolla og etiske aspekt ved denne rolla. Vidare er det eit siktemål at studentane skal tileigne seg brei kunnskap om korleis leiings-, leiar- og organisasjonsutvikling som fagfelt har utvikla seg nasjonalt og internasjonalt.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Ved fullført emne skal kandidaten ha:

  • Inngåande kunnskap om sentrale teoriar og modellar for utvikling av leiarar og organisasjonar.
  • Forskingsbasert kunnskap om dei mest sentrale metodane for utvikling av leiarar og organisasjonar.
  • Inngåande kunnskap om fagetiske problemstillingar knytt til utvikling av leiarar og organisasjonar, med spesiell vekt på konsulentrolla i dette høvet.
  • Kunnskap om sentrale trekk ved utviklinga av fagfeltet leiings-, leiar- og organisasjonsutvikling i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv.

Dugleik:

Ved fullført emne skal kandidaten kunne:

  • Reflektere over og drøfte sentrale teoriar og modellar for utvikling av leiarar og organisasjonar.
  • Reflektere over og drøfte sentrale metodar for utvikling av leiarar og organisasjonar.
  • Nytte sentrale metodar innan utvikling av leiarar og organisasjonar.
  • Nytte kunnskap om samanhengen mellom organisasjonsdiagnose og aktuelle OU-metodar.
  • Reflektere over og drøfte ulike etiske aspekt ved rolla som konsulent.
  • Reflektere over og drøfte sentrale moment i utviklinga av fagfelta leiings-, leiar- og organisasjonsutvikling, nasjonalt og internasjonalt.

 

Generell kompetanse:

Ved fullført emne skal kandidaten kunne:

  • Identifisere og reflektere over sentrale problemstillingar knytt til utvikling av leiarar og organisasjonar.
  • Tileigne seg forskingsbasert kompetanse som gjeld det å utvikle leiing, leiarar og organisasjonar, og korleis slik utvikling best kan tilretteleggjast.
  • Identifisere og reflektere over konsulentens betyding, rolle og moglege konsekvensar for organisasjonen og organisasjonsmedlemmane.

Krav til studierett

Oppmelding til emnet krev opptak ved masterprogrammet.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga blir gjeven i form av fem samlingar á 2 dagar med førelesingar, diskusjonar, gruppeøvingar og studentpresentasjonar, samt eigenaktivitet individuelt og i grupper mellom samlingane.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking i undervisning og aktiviteter parvis og i grupper mellom samlingane.

Det skal skrivast to arbeid der eit skriftleg arbeid er individuelt og eit skal skrivast saman med ein medstudent.

Studentane skal lese og gje tilbakemelding på to slike oppgaver som er skrive av to andre studentpar. (Til saman 6 personer i gruppene). Deltaking i denne gruppeaktiviteten er obligatorisk.

Godkjent/ Ikkje godkjent på dei to skriftlege arbeida.

Vurderingsformer

Skuleeksamen (4 timar)Studenten skal svare på 2 av 3 oppgåver.

Karakterskala

Bokstavkarakterskala A-F på skuleeksamen.

Litteraturliste

Tilrådd litteratur, sjå nettsider under Mi Side

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

For meir informasjon, ver god å ta kontakt med studierettleiar/ informasjonssenter:
Tlf: 5558 2710
E-post: studieveileder.psyfa@uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skuleeksamen

    Trekkfrist
    22.01.2018
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    Sted