Hjem
Click

Utdanning

Laveregradsemne

Masteroppgåve i psykologi

  • Studiepoeng60
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeMAPSYK360
  • Talet på semester2
  • SpråkNorsk/engelsk.
  • Ressursar

Undervisningssemester

Haust og vår.

Mål og innhald

Gjennom forskingspraksis skal masteroppgåva gje studentane djupare innsikt i teori og empiri på eit avgrensa område. Oppgåva skal utvikle studentane sine evner til ei kritisk handsaming av avgrensa problemstillingar ved hjelp av vitskapelege metodar. Det vert stilt krav til ei skriftleg framstilling i tråd med APA-standarden.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne har følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten kan...

  • analysere forholdet mellom tema, forskingsspørsmål og forskingsdesign.
  • grunngje val av forskingsdesign gitt problemstillingar og rammefaktorar som tid og økonomi.
  • demonstrere breidd og fordjuping i kunnskapar innanfor temaområdet i prosjektet.

Ferdigheitar

Studenten kan...

  • ttvikle, planleggje og gjennomføre eit forskingsprosjekt, samt formidle resultat frå prosjektet.
  • gje ei klar og presis skriftleg framstilling av forskingsarbeidet.
  • vurdere og grunngje bruk av forskingsdesign.
  • vite kva konklusjonar som kan trekkjast frå analaysen
  • meistre å utforme ein akademisk tekst i samsvar med APA-standarden, korrekt bruk av kjelder, korrekt presentasjon av referansar og bruk av relevante litteraturdatabasar.

Generell kompetanse

Studenten kan...

  • reflektere over forskarrolla i innsamling og bruk av data.
  • reflektere over etiske forhold i høve til bruk og tolking av eigne data, kjelder og sitering.
  • reflektere over forfattarskap og medforfattarskap i vitskapleg arbeid.

Krav til forkunnskapar

Studentar på studieretninga "åtferd- og nevrovitskap" som skal jobbe med forsøksdyr, må ta kurs i forsøksdyrlære tilsvarande LAS301 og 302 i løpet av studieløpet.

Krav til studierett

Oppmelding til emnet krev studierett ved masterprogrammet i psykologi.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Emnet består av tre element:

  • Prosjektskisse på 10 sider (mellom 3000 og 4000 ord)
  • Masteroppgåve på 50-60 sider (mellom 16000 og 20000 ord)
  • Formidlingsdel i form ein vitskapleg presentasjon av eige prosjekt på avslutningskonferansen for masterstudiet.

Mastergradsoppgåva skal skrivast i tråd med APA-standarden. Omfanget bør vere på mellom 16 0000 og 20 000 ord, men kan vere kortare om alt det naudsynte er dekka. Referanseliste og appendiks kjem i tillegg. Omfanget skal vere på 50-60 tekstsider (rettleiande). Oppgåva skal skilje seg frå artikkelforma ved at innleiinga har ein breiare gjennomgang av litteraturen og ein meir omfattande presentasjon av bakgrunn og problemstillingar enn det som kjenneteiknar artikkelformatet. Like eins skal diskusjonen vere meir inngåande enn det som er vanleg for artikkelformatet. Oppgåva kan skrivast på norsk eller engelsk. Det skal vere eit samandrag på norsk og på engelsk, kvart på om lag 200 ord. MA-oppgåva kan òg skrivast på engelsk.

Som hovudregel skal studentane skrive masteroppgåve parvis. For studieretninga "åtferd- og nevrovitskap" skal masteroppgåva normalt skrivas individuelt. Forfattarane, der det er meir enn ein, skal medverke med likeverdig innsats i arbeidet.

Rettleiinga er regulert gjennom ein nærare spesifisert rettleiingsavtale. Delar av rettleiinga kan bli gitt i grupper.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Prosjektplan: Studentane skal under rettleiing skrive ein prosjektplan for masteroppgåva på inntil 10 sider. Prosjektplanen skal gjere greie for prosjektet sitt temaområde, problemstilling, metode, datahandsaming eller analyseform, forskingsetiske vurderingar og tidsramme.

Frist for å levere prosjektplan er 15. oktober for studentar som startar på masteroppgåva i haustsemesteret og 15. mars for studentar som startar på masteroppgåva i vårsemesteret. Prosjektplanen blir vurdert som godkjend/ ikkje godkjend.

Formidling: Studentane skal gjennomføre ein vitskapleg presentasjon av eige prosjekt i form av eit innlegg over 30 min. på avslutningskonferansen for masterstudiet. Presentasjonen skal vere i form av ein munnleg framføring.

Vurderingsformer

Masteroppgåva blir vurdert av ein komité på to fagpersonar, éin skal vere ekstern og éin intern.

Karakter vert fastsett på grunnlag av det skriftlege arbeidet.

På den skriftlege Masteroppgåva blir det sett ein felles karakter for kvar oppgåve. Ved fastsetjing av karakter på det skriftlege arbeidet blir det nytta ein gradert karakterskala frå A til F. Det vert gjeve ei tilbakemelding på oppgåva til kandidatane i fellesskap etter karakterfastsetjinga.

Masteroppgåva skal leverast elektronisk på Mi side. Studenten kan levere inn masteroppgåva når den er ferdig, likevel innan fristen for normert studietid. Studenten skal normalt ha stått på eksamen i fellesdelen og i den fagspesifikke delen før innlevering av masteroppgåva.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Litteraturliste

Tilrådd litteratur, sjå nettsider under Mi Side.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

For meir informasjon, ver god å ta kontakt med studierettleiar/ informasjonssenter:

Tlf: 5558 2710

E-post: studieveileder.psyfa@uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Masteroppgåve

    Innleveringsfrist
    21.11.2017, 13:00
    Trekkfrist
    07.11.2017