Næringsmiddelmikrobiologi med spesiell relevans til sjømat
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 10 |
| Undervisningssemester | Vår |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Engelsk, norsk dersom berre norskspråklege studentar.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Læringsutbyte
Etter fullføring av emnet MAR 255, skal studenten ha fått
- forståing for sjømat som næringsmiddelresurs, og korleis mikroorganismar kan påverke kvalitet og tryggleik for produkt av sjømat.
- ei grunnleggjande forståing korleis ulike mikroorganismar og parasittar, med betyding for næringsmiddeltryggleik og kvalitet, kan forureine og eventuelt vekse i ulike produktgrupper av sjømat.
- innsyn i kva tiltak ein kan setje i verk for å oppnå god hygienisk standard under fangst, produksjon og omsetjing av sjømat.
- kjennskap til gjeldande lovverk som industri og forvaltning må halda seg til på dette området.
- innblikk i næringsmiddelmikrobiologiske analyser som er sentrale i vurderinga av den hygieniske standarden hos tilverkingsanlegg og i sjømatprodukt.
- innarbeidd gode laboratorierutinar, med særleg vekt på tryggleik ved arbeid med humanpatogent smittestoff som Salmonella, Vibrio og Listeria.
- kjennskap til korleis tilverking av sjømat føregår under kommersielle tilhøve gjennom ekskursjon til eit anlegg.
- trening i å samla informasjon, strukturera ein presentasjon og leggja fram fagstoff .
- delta i eit godt fagleg og sosialt miljø.
Kontaktinformasjon
Forelesar og Administrativ kontaktperson finn du på Mi side, kontakt ev studiekonsulenten på Insituttet.
Fagleg ansvarleg
Professor II Bjørn Tore Lunestad, blunestad@nifes.no
Undervisningssemester
Vår
Eksamenssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Undervisningsspråk
Engelsk, norsk dersom berre norskspråklege studentar.
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Mål og innhald
Målet for emnet er å utvikle kunnskapar og dugleik hjå studentane innan næringsmiddelmikrobiologi og hygiene, med særleg vekt på tilhøve som er av relevans for sjømat. Dette målet søkjer ein å oppnå gjennom ein kombinasjon av teoretisk læring, laboratorieaktivitet inkludert journalføring, ekskursjon til tilverkingsanlegg for sjømat og studentpresentasjonar. Vidare er det eit mål å gi studentane ei grunnleggjande forståing for korleis ulike mikroorganismar og parasitter, med betyding for næringsmiddeltryggleik og kvalitet, kan forureine og eventuelt vekse i ulike produktgrupper av sjømat.
Studenten skal få innsyn i kva tiltak ein kan setje i verk for å oppnå god hygienisk standard under fangst, produksjon og omsetjing av sjømat. Vidare vil en diskutere gjeldande lovverk som industri og forvaltning må halda seg til på dette området.
Studenten vil ha ei aktiv rolle i undervisninga, som for ein stor grad er basert på studentpresentasjonar av aktuelt fagstoff.
Ein viktig komponent i undervisninga er laboratoriekurset på til samen 20 timar. Gjennom laboratoriekurset får studenten innsyn i næringsmiddelmikrobiologiske analyser som er sentrale i vurderinga av den hygieniske standarden hos tilverkingsanlegg og i sjømatprodukt.
Det er også eit overordna mål å bidra til eit godt fagleg og sosialt miljø blant studentane, og gje dei trening i skriftleg og munnleg kommunikasjon og presentasjon.
Læringsutbyte/resultat
Etter fullføring av emnet MAR 255, skal studenten ha fått
- forståing for sjømat som næringsmiddelresurs, og korleis mikroorganismar kan påverke kvalitet og tryggleik for produkt av sjømat.
- ei grunnleggjande forståing korleis ulike mikroorganismar og parasittar, med betyding for næringsmiddeltryggleik og kvalitet, kan forureine og eventuelt vekse i ulike produktgrupper av sjømat.
- innsyn i kva tiltak ein kan setje i verk for å oppnå god hygienisk standard under fangst, produksjon og omsetjing av sjømat.
- kjennskap til gjeldande lovverk som industri og forvaltning må halda seg til på dette området.
- innblikk i næringsmiddelmikrobiologiske analyser som er sentrale i vurderinga av den hygieniske standarden hos tilverkingsanlegg og i sjømatprodukt.
- innarbeidd gode laboratorierutinar, med særleg vekt på tryggleik ved arbeid med humanpatogent smittestoff som Salmonella, Vibrio og Listeria.
- kjennskap til korleis tilverking av sjømat føregår under kommersielle tilhøve gjennom ekskursjon til eit anlegg.
- trening i å samla informasjon, strukturera ein presentasjon og leggja fram fagstoff .
- delta i eit godt fagleg og sosialt miljø.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
MOL100, BIO110, BIO111, BIO113, BIO114, KJEM 113.
Obligatoriske arbeidskrav
Seminar og laboratoriekurs m/journal. Godkjente obligatoriske aktiviteter er gyldig i 6 semestre.
Vurderingsformer
Munnlig eksamen (75%), skriftleg innlevering (25 %).
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Undervisningssted
Bergen
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
Forelesar og Administrativ kontaktperson finn du på Mi side, kontakt ev studiekonsulenten på Insituttet.