Fiskesjukdommar - vannkvalitet
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 5 |
| Undervisningssemester | Vår |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Norsk, engelsk ved behov
Krav til forkunnskapar
Ingen
Læringsutbyte
Etter å ha fullført kurset MAR 370 ´Fiskesjukdommar - vasskvalitet´ skal studentane ha ei grundig forståing av kritiske faktorar i høve til vasskvalitet i oppdrett, og korleis desse verkar inn på helse og velferd hos oppdrettsfisk. Studentane skal kjenne til kva faktorar som avgrensar produksjonen av fisk i eit system, og skal ha innsikt i praktiske og teknologiske løysingar for å behandle vatnet, og betre vasskvaliteten, både i ferskvatn og i marint oppdrett. Integrert i forståinga av miljøfaktorane skal studentane ha innsikt i dei fysiologiske reaksjonane i fisken på sub-optimale miljøtilhøve (patofysiologi). Gjennom å skrive og presentere ei semesteroppgåve skal studentane skaffe seg djupare innsikt i utvalde tema, og skaffe seg erfaring i ferdigheiter i å presentere eit vitskapeleg spørsmål til medstudentane.
Kontaktinformasjon
Forelesar og Administrativ kontaktperson finn du på Mi side, kontakt ev studiekonsulenten på Insituttet.
Undervisningssemester
Vår
Eksamenssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Undervisningsspråk
Norsk, engelsk ved behov
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Mål og innhald
Kurset vil dekke ulike tema innan vasskjemi knytt opp mot fisken si velferd og helse. Fokus er på det fysisk-kjemiske grunnlaget for vasskvalitet og korleis dette påverkar fisken si helse. Aktuelle tema er gassar, metall, pH, bruk av grunnvatn og overflatevatn, transport av fisk og stress. Kurset vil også innehalde ein gjennomgang av praktiske aspekt og teknologiske løysingar som kan gi betre vasskvalitet.
Læringsutbyte/resultat
Etter å ha fullført kurset MAR 370 ´Fiskesjukdommar - vasskvalitet´ skal studentane ha ei grundig forståing av kritiske faktorar i høve til vasskvalitet i oppdrett, og korleis desse verkar inn på helse og velferd hos oppdrettsfisk. Studentane skal kjenne til kva faktorar som avgrensar produksjonen av fisk i eit system, og skal ha innsikt i praktiske og teknologiske løysingar for å behandle vatnet, og betre vasskvaliteten, både i ferskvatn og i marint oppdrett. Integrert i forståinga av miljøfaktorane skal studentane ha innsikt i dei fysiologiske reaksjonane i fisken på sub-optimale miljøtilhøve (patofysiologi). Gjennom å skrive og presentere ei semesteroppgåve skal studentane skaffe seg djupare innsikt i utvalde tema, og skaffe seg erfaring i ferdigheiter i å presentere eit vitskapeleg spørsmål til medstudentane.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Obligatoriske arbeidskrav
Blir opplyst ved kursstart.
Vurderingsformer
Muntleg eksamen.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Undervisningssted
Bergen
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
Forelesar og Administrativ kontaktperson finn du på Mi side, kontakt ev studiekonsulenten på Insituttet.