Hjem

Etter- og videreutdanning

Etter- og videreutdanning

GeoGebra for lærarar i vidaregåande skule

Beskrivelse

Kurset skal gje solid kompetanse i bruk av GeoGebra som undervisnings- og læringsverktøy, og gje større innsikt i korleis GeoGebra kan utnyttast i undervisning, læringsarbeid, undervegs- og sluttvurdering i matematikkfaget i den vidaregåande skulen. Kurset skal gje deltakarane:

- Teknisk kompetanse i bruk av GeoGebra
- Forståing for- og praktisk erfaring med korleis GeoGebra kan nyttast i undervisninga
- Erfaring med korleis elevar kan engasjerast i undersøkjande læringsaktivitetar med GeoGebra

Kursdeltakarane skal lage og gjennomføre undervisningsopplegg for eigne klassar i matematikk gjennom eit heilt skuleår.

Målgruppe

Lærarar som underviser i matematikk i den vidaregåande skulen og ynskjer fagleg fordjuping og auka kompetanse i korleis programmet GeoGebra kan nyttast i undervisning og læringsarbeid .

Undervisning

Kurset er samlingsbasert, med tre obligatoriske studiesamlingar pr semester, kvar på 2 dagar, for å følgje et heilt skoleår. Kursdagar vil vere torsdagar og fredagar. Samlingane er obligatoriske.

Undervisninga er lagt opp med førelesingar, seminar, oppgaveløysing og utviklingsarbeid. Undervisninga vil i stor grad bruke eksempel og involvere lærarane si eiga undervisning. I tillegg vert det nettbasert oppfølgjing mellom samlingane via Mitt UiB og Adobe Connect.

Undervisningsplan 2017-2018


Haust 2017: Veke 36, 42 og 49

Vår 2018: Veke 6, 11 og 16

Torsdagar: kl 10.00-16.00
Fredagar: kl 09.00-15.00

Vurdering / eksamen

6 obligatoriske oppgåver som skal inngå i ei utviklingsmappe. Sluttvurdering av mappa.

Krav til datautstyr

Datamaskin med internettilgang.

Studiefinansiering

Det er mogleg å søke Utdanningsdirektoratet om stipend/vikarmidlar og støtte til studieavgift innan Kompetanse for kvalitet-ordninga, med frist 1. mars. I søknadsskjemaet krysser du av for "Andre studietilbod". Det vil vere mogleg å trekkje søknaden til kurset, dersom du får avslag på søknad om støtte hos Utdanningsdirektoratet.

Opptaks- og forkunnskapskrav

For å kunne delta på GeoGebrakurs, må du undervise i matematikk i den vidaregåande skolen parallelt med at du tar kurset og ha godkjent lærarutdanning. Det er ynskeleg at deltakarane har solid matematikkbakgrunn. Minstekrav for opptak er 60 studiepoeng i matematikk som bygger på full fordjuping i matematikk frå den vidaregåande skolen.

Ved stor søking vil matematikkompetanse nyttast som prioriteringskriterium.

Dokumentasjonskrav:
1. Oppgi skule/arbeidsstad i søknaden
2. Minst 60 studiepoeng i matematikk som bygger på full fordjuping i matematikk frå vidaregåande skule.
(Fordjuping frå vidaregåande skule treng ikkje dokumenterast.)

Du lastar opp naudsynt dokumentasjon samtidig som du søker plass.

Tilgjengelege kurs

Haust 2017
Kursdato: 07.09.2017 - 20.04.2018
Pris: NOK 25000
Søknadsfrist: Frist utløpt.